Rába

(Omdirigert frå Raab)
Raab er òg det tyske namnet på den ungarske byen Győr

Rába (tysk Raab) er ei elv som renn gjennom søraustlege område av Austerrike og vestlege område av Ungarn, og ho er ei av sideelvene til Donau. Ho har sitt utspring i Austerrike, nokre kilometer aust for Bruck an der Mur. Elva renn gjennom delstatane Steiermark og Burgenland i Austerrike, og Vas og Győr-Moson-Sopron i Ungarn. Ho renn inn i ei sideelv til Donau (Mosoni-Duna) i nordvestlege område av Ungarn, i byen Győr. Andre landsbyar og byar langs Rába er mellom anna Gleisdorf, Feldbach (i Austerrike), og Szentgotthárd og Körmend (i Ungarn).

Rába
elv
Land  Austerrike,  Ungarn
Nedslagsfelt 18 km²
Renn gjennom Győr
Lengd 250 km
Middelvassføring 1 020 /s
Kjelde Passaileralpane
 •  høgd 1 150 moh.
Munning Donau
 •  høgd 118 moh.
Kart
Rába
47°20′43″N 15°30′55″E / 47.345277777778°N 15.515277777778°E / 47.345277777778; 15.515277777778
Wikimedia Commons: Rába

Dei 5-6000 slovenarane som bur i dei nordlegaste områda av Ungarn vert kalla Raba-slovenarar sidan dei bur nær elva. Dei fleste av dei bur i Szentgotthárd (Monošter på slovensk) og landsbyar sør for byen.

Kjelder

endre