Raadeitt
Raadeitt er eit mineral som er eit magnesiumfosfat med formel Mg7(PO4)2(OH)8. Mineralet finst mikroskopisk saman med althausitt, holtedahlitt og heneuitt. Det vart oppdaga i 1990-åra frå ein serpentin-magnesittførekomst på Modum.
Det er kalla opp etter Gunnar Raade, ein norsk mineralog.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Raadeitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/raadeitt.