Magnesitt
Magnesitt er eit mineral som består av magnesiumkarbonat, MgCO3, og tilhøyrer kalsittgruppa (isomorfi). Fargen er kvit, grå, gul til brunleg. Det liknar kalsitt, men brusar ikkje for kald, fortynnt saltsyre. Magnesitt dannar blandkrystall med sideritt. Mineralet finst ofte saman med serpentin og kleberstein. Ved sterk oppvarming (kalsinering) dannast MgO, som blir brukt som eldfast material, til dømes til fôringar i smelteomnar.
Magnesitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | MgCO3 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit, bleik gul, bleik brun, svakt rosa, lilla-rose | ||
Krystallform | Vanlegvis massive, sjeldan som rhombohedron eller heksagonal prisme | ||
Krystallsystem | Trigonal - Heksagonal scalenohedral H-M-symbol 32/m Romgruppe: R3c | ||
Kløyv | [1011] perfekt | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3.5 - 4.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.0 - 3.2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω=1.508 - 1.510 nε=1.700 | ||
Dobbeltbryting | 0.191 | ||
Smeltbarheit | usmeltbar | ||
Oppløyselegheit | Bobler i varm saltsyre | ||
Andre eigenskapar | Kan syne bleik grøn til lyseblå fluorescens and fosforescens under UV; triboluminescent | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Tidlegare var det drift på fleire førekomstar i området Snarum–Modum.
Det har namn etter magnesium og -itt, og vart tidlegare òg kalla talkspat eller bitterspat.
Kjelder
endre- Magnesitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/magnesitt.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/magnesite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-2482.html Mindat.org
- ↑ http://webmineral.com/data/Magnesite.shtml Webmineral data
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed., p. 332 ISBN 0-471-80580-7