Brahestad, finsk Raahe, er ein bykommune i landskapet Norra Österbotten i Finland. Byen, som er einspråkleg finsk, ligg ved Bottenviken. Kommunen er 1015 kvadratkilometer vid og hyser vel 24 000 ibuarar.

Raahe
by
Land  Finland
Areal 1 013,78 km²
Folketal 25 165 (31. desember 2015)[1]
Kart
Raahe
64°41′05″N 24°28′45″E / 64.684722222222°N 24.479166666667°E / 64.684722222222; 24.479166666667
Wikimedia Commons: Raahe

Byen vart grunnlagt i 1649 av greiven Per Brahe og var Finlands viktigaste hamneby omkring 1850. Dei eldste bydelane ligg i ei vik, omgjeven av ein skjergard. Gamlebyen består av låge trehus, utanfor dette området er det mange høghus.

Raahe er ein industriby med eit jarn- og stålverk som sysselset tusenar tilsette og er ein av Finlands største industriarbeidsplassar. Frå uthamna Lapaluoto sørvest om byen vert store mengder trevarer utskipa.

Brahestads museum frå 1862 er Finlands eldste museum for kulturhistorie. Her finnes utstilt verdas eldste dykkardrakt frå tidleg 1800-tal.

Raahe er vennskapskommune med Rana.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raahe