Radiogalaksar er galaksar som sender ut radiobølgjer med ein rate rundt éin million gonger større enn Mjølkevegen. Dei er ein type aktiv galaksekjerne; og vertsgalaksen er stort sett alltid ein elliptisk galakse.

Radiogalaksen Centaurus A i kunstige fargar. Raudt representerer radiostråling.

Rundt radiogalaksar finst det to store område, stort sett symmetrisk plasserte rundt galaksen, som sender ut det meste av radiostrålinga. Storleiken på desse områda for dei største radiogalaksane er rundt 16 millionar lysår, noko som kan samanliknast med storleiken på galaksehopar. Slike gigantgalaksar er dei største kjende objekta i universet.

Motoren til radiogalaksar er anteken å stamma frå galaksekjernen, sidan dei store radioområda utanfor radiogalaksane nesten utan unntak er bundne til galaksekjernen gjennom lange jetstrålar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Radio galaxy» s. 332-33 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.