Radjasthani
(Omdirigert frå Radjasthanispråk)
Radjasthani er ei gruppe indoariske dialektar som blir tala i Rajasthan og i tilstøytande delstatar i India, og av handelsfolk som reiser over heile landet.
Radjasthani Rajasthani | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk Sentral sone radjasthani | |
Bruk | ||
Tala i | Hovudsakleg India | |
Område | Rajasthan, Gujarat, Haryana, Punjab og Madhya Pradesh | |
Radjasthanitalande i alt | 36 millionar (folketeljing 2001) | |
Skriftsystem | Devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | raj | |
ISO 639-3 | raj |
Radjasthani kan delast inn i fire dialektgrupper:
- Marvari, vestlege målføre, snakka av om lag 2/3 av innbyggjarane i Rajasthan
- Austlege målføre: Djaipuri, haurati og adjmeri
- Nordaustlege målføre: Mevati og ahirvati
- Malvi, tala nordvest i Madhya Pradesh
Dialektane har tradisjonelt blitt rekna som ei form av hindi — i folketeljinga i 1971 blei halvparten av dei om lag 20 millionar talarane rekna som hinditalarar. Språkforskarar har likevel funne at språka skil seg frå hindi både fonologisk, morfologisk, syntaktisk og når det gjeld ordforråd.
Kjelder
endre- G.A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.
- Engelsk Wikipedia