Marvari
Marvari (devanagari मारवाड़ी, òg kalla mārvāri, mārwādi, mārwāri og mārvādi) er eit indoarisk språk som vert talt i den indiske delstaten Rajasthan, og dessutan i nabostatane Gujarat og Haryana og i det austlege Pakistan. Språket har 13,2 millionar talarar (per 1997), av desse 13 millionar i Rajasthan og 200 000 i det austlege Pakistan. Det er det største språket innan marvari-undergruppa av dei såkalla rajasthanispråka.
Marvari मारवाड़ी | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indo-iransk Indo-arisk Vestleg[1] | |
Bruk | ||
Tala i | India; utvandrarsamfunn i Pakistan og Nepal | |
Område | Marwar (Rajasthan, Gujarat, Haryana, Sindh) | |
Marvaritalande i alt | 22 millionar[2] | |
Skriftsystem | Devanagari, mahajani, arabisk skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | mwr | |
ISO 639-3 | mwr | |
Glottolog | none
|
Kjelder
endre- ↑ Ernst Kausen, 2006. Die Klassifikation der indogermanischen Sprachen (Microsoft Word, 133 KB)
- ↑ Folketeljinga i 2001, Ethnologue-tal frå 2007
- Denne artikkelen bygger på «Marvari» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |