Raffaëla Paton
Raffaëla Paton (fødd 1. juni 1983 i Amsterdam) er ein nederlandsk songar og vinnaren av Idols i 2006. Ho har òg delteke i den nasjonale uttakinga til Nederland i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, Nationaal Songfestival 2012, med songen «Chocolatte».
Raffaëla Paton | |||
| |||
Fødd | 1. juni 1983 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Amsterdam i Nederland | ||
Fødenamn | Raffaëla Paton | ||
Opphav | Kongeriket Nederlanda | ||
Aktiv | 2006–i dag | ||
Sjanger | Pop, R&B og dance | ||
Plateselskap | Sony BMG | ||
Verka som | Songar |
Biografi
endrePaton flytta til Assen då ha var liten. Mor hennar var ein kjend songar i Surinam. Tanta hennar er Ruth Jacott, òg ein kjend songar som representerte Nederland i Eurovision Song Contest 1993 i Millstreet i Irland. Før Raffaëla deltok i Idols, arbeiddet ho på ein restaurant i Emmen.
11. mars 2006 var ein stor dag for Raffaëla; Finalen i Idols 2006, den nederlandske versjonen av den britiske serien Pop Idol. Paton vann Idols med 58 % av dei totale røystene, og slo favoritten Floortje Smit. Etter programmet rapporterte RTL 4, kanalen som kringkasta Idols, at Floortje hadde vunne, heilt til Paton song «Right Here, Right Now (My Heart Belongs to You)», som skulle verte debutsingelen til vinnaren.
21. april 2006 vart debutalbumet Raffaëla gjeve ut. Albumet inneheldt 12 songar ho song under Idols, i tillegg til to nye songar, og debuterte på #1 på Dutch Album Top 100.
24. august 2006 fekk Paton si fyrste dotter, Beautiful Hope.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Raffaëla Paton» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2012