Eurovision Song Contest 1993

Eurovision Song Contest 1993 (ESC 1993) var den 38. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Green Glens Arena i Millstreet i Irland. Finalen fann stad laurdag 15. mai. Irland vann tevlinga med songen «In Your Eyes», framført av Niamh Kavanagh.

Eurovision Song Contest 1993
Dato
Semifinalen 3. april 1993
Finalen 15. mai 1993
Vertskap
Stad
RTV SLO Studio 1 i Ljubljana i Slovenia
Green Glens Arena i Millstreet i Irland
Programleiar(ar)
Fionnuala Sweeney
Kringkastar(ar)
RTÉ
Varigskap
Opningsnummer
Semifinalen
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Bosnia-Hercegovina
Kroatia
Slovenia
Trekte seg
Jugoslavia (deltakingsforbod frå SN)
Ikkje kvalifisert
Slovakia
Estland
Ungarn
Romania
Ikkje med
Monaco
Marokko
Kart
ESC 1993 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Malmö 1992 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Dublin 1994

For fyrste gong måtte ein halde ein kvalifikasjonsrunde, dette grunna det rekordhøge talet deltakarland. Denne vart halden i Ljubljana i Slovenia og vart kalla Kvalifikacija za Millstreet. Her vart Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia kvalifisert for finalen i Millstreet, medan Estland, Romania, Ungarn og Slovakia måtte vente til året etter. Ingen av landa hadde delteke tidlegare, med unntak av Bosnia-Hercegovina, Kroatia og Slovenia som tidlegare var ein del av Jugoslavia.

Dette året kunne ein for fyrste gong risikere å ikkje verte kvalifisert til tevlnga året etter. Dei landa som fekk dei seks siste plassane fekk ikkje delteke året etter, for å gi plass til landa som ikkje kom seg vidare frå kvalifikasjonsrunden.

Jugoslavia deltok for siste gong i 1992 på grunn av eit deltakingsforbod i Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN.

Kvalifikacija za MillstreetEndra

Kvalifikasjonsrunden, som vart kalla Kvalifikacija za Millstreet, vart halden 3. april 1993 i Ljubljana. Det har aldri vorte halden nokon liknande kvalifiseringsrunde etter dette. Fyrst i 2004 byrja ein å arrangere semifinalar før finalen, men dei liknar ikkje på kvalifiseringsrunden som vart halden dette året. Slovenia, Bosnia-Hercegovina og Kroatia gjekk vidare til finalen, medan Slovakia, Estland, Ungarn og Romania ikkje fekk delteke før året etter.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Bosnia-Hercegovina Fazla «Sva bol svijeta» Bosnisk 052 02
02   Kroatia Put «Don't Ever Cry» Kroatisk og engelsk 051 03
03   Estland Janika Sillamaa «Muretut meelt ja südametuld» Estisk 047 05
04   Ungarn Andrea Szúlák «Árva reggel» Ungarsk 044 06
05   Romania Dida Dragan «Nu pleca» Rumensk 038 07
06   Slovenia 1X Band «Tih deževen dan» Slovensk 054 01
07   Slovakia Elán «Amnestia na neveru» Slovakisk 050 04

FinalenEndra

Finalen vart halden 15. mai 1993 i Green Glens Arena i Millstreet. Irland vann tevlinga for femte gong. Danmark og Slovenia enda på ein delt 22. plass. Luxembourg, Tyrkia, Danmark, Slovenia, Israel og Belgia kvalifiserte seg ikkje til tevlinga året etter.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Italia Enrico Ruggeri «Sole d'Europa» Italiensk 045 12
02   Tyrkia Burak Aydos «Esmer Yarim» Tyrkisk 010 21
03   Tyskland Münchener Freiheit «Viel zu weit» Tysk 018 18
04   Sveits Annie Cotton «Moi, tout simplement» Fransk 148 03
05   Danmark Tommy Seebach Band «Under stjernerne på himlen» Dansk 009 22
06   Hellas Katy Garbi «Elláda, chóra tou fotós» Gresk 064 09
07   Belgia Barbara Dex «Iemand als jij» Nederlandsk 003 25
08   Malta William Mangion «This Time» Engelsk 069 08
09   Island Ingibjörg Stefánsdóttir «Þá veistu svarið» Islandsk 042 13
10   Austerrike Tony Wegas «Maria Magdalena» Tysk 032 14
11   Portugal Anabela «A cidade (até ser dia)» Portugisisk 060 10
12   Frankrike Patrick Fiori «Mama Corsica» Fransk og korsikansk 121 04
13   Sverige Arvingarna «Eloise» Svensk 089 07
14   Irland Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk 187 01
15   Luxembourg Modern Times «Donne-moi une chance» Fransk og luxembourgsk 011 20
16   Slovenia 1X Band «Tih deževen dan» Slovensk 009 22
17   Finland Katri Helena «Tule luo» Finsk 020 17
18   Bosnia-Hercegovina Fazla «Sva bol svijeta» Bosnisk 027 16
19   Storbritannia Sonia «Better The Devil You Know» Engelsk 164 02
20   Nederland Ruth Jacott «Vrede» Nederlandsk 092 06
21   Kroatia Put «Don't Ever Cry» Kroatisk og engelsk 031 15
22   Spania Eva Santamaría «Hombres» Spansk 058 11
23   Kypros Kyriakos Zympoulakis og Dimos Van Beke «Mi stamatás» Gresk 017 19
24   Israel Sarah'le Sharon og The Shiru Group «Shiru» Hebraisk og engelsk 004 24
25   Noreg Silje Vige «Alle mine tankar» Norsk 120 05

Artistar som har delteke tidlegareEndra

Artist Land Tidlegare år Tidlegare land Plassering i tidlegare tevling
Poeng Plass
Tony Wegas   Austerrike 1992   Austerrike 063 10
Tommy Seebach   Danmark 1979   Danmark 076 06
1981 (med Debbie Cameron)   Danmark 041 11
Katri Helena   Finland 1979   Finland 038 14

KjelderEndra