Ragde
Ragde er eit stadnamn og gardsnamn i sentrum av Odda. Namnet vert òg nytta som eit slektsnamn og eit etternamn. I nyare tid har Ragde vorte ein del av tettstaden Odda. Området vart før nytta til jordbruk, men er no bygd ut som eit bustadområde. Det er òg litt industriverksemd, som bilfirma, mekanisk verkstad, avistrykkeri og bensinstasjonar. Hovudkontoret til avisa Hardanger Folkeblad låg tidlegare på Ragde. Meieriet kulturhus, eit meieri ombygd til kulturhus ligg òg på Ragde.
Ragde | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Ragde 60°04′08″N 6°33′20″E / 60.068947°N 6.555622°E |
Personar med Ragde som etternamn
endre- Anne B. Ragde, forfattar