Raglebreen
Raglebreen er ein liten isbre som drenerer vestenden av Fosdick Mountains, mellom Mount Ferranto og Mount Avers, og flyt nordvest til Block Bay i Marie Byrd Land. Isbreen vart fotografert av U.S. Antarctic Service (USAS) (1939–41), leia av Admiral Byrd, og vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy (1959–65). Han er kalla opp etter dr. B. Harrison Ragle, som var den personlege legen til admiral Byrd seint i 1930-åra, som bidrog økonomisk til kjøp av førstehjelpsutstyr og medisinar for USAS (1939–41) og var konsulent for medisinske saker for ekspedisjonen.
Raglebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 76°28′S 145°32′W / 76.467°S 145.533°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Raglebreen 76°28′00″S 145°31′59″W / 76.4667°S 145.533°W | |||
Kjelder endre
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ragle Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).