Ragna Vilhelmine Nielsen fødd Ullmann (17. juli 184529. september 1924)[1] var ein norsk lærar og kvinnesaksforkjempar. Ho var dotter av Vilhelmine Ullmann og Jørgen Ullmann og syster til skulemannen Viggo Ullmann.

Ragna Nielsen

Ragna Nielsen måla av Asta Nørregaard ca. 1900.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juli 1845
Christiania
Død

29. september 1924 (79 år)
Christiania

Yrke politikar
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening, Riksmålsforbundet
Mor Vilhelmine Ullman
Ragna Nielsen på Commons

Allereie som femtenåring byrja Ragna Ullmann virket sitt som lærar. Ho var seinare med på å grunnleggja den første fellesskulen for gutar og jenter, Fru Ragna Nielsens skole, i 1885. Ho danna òg Kristiania Kvindelige Handelsstands Forening i 1890 og Hjemmenes Vel i 1900.

Som kvinnesaksforkjempar var ho med på stiftinga av Norsk Kvindesagsforening i 1884, og sat som formann i periodane 1886–1888 og 1889–1895. Hovudinteressa hennar var stemmerett, og ho var òg med i Kvindestemmeretsforeningen som styremedlem (1903-1913), men stod imot danninga av den meir liberale Landskvindestemmeretsforeningen.

I 1906 blei Nielsen, som ei av dei seks første kvinnenen nokon gong, vald inn i bystyret i Kristiania. Frå rundt 1910 var ho òg aktivt med i Riksmålsforbundet.

Nielsen skreiv mykje i tidsskriftet Nylænde og gav ut boka Norske Kvinder i det 19de Aarhundrede (1904). Denne boka har forøvrig et forord på ca. 2 sider: «Til Kvinderne i Aaret 2000». Ho har òg gitt ut boka Fra de smaa følelsers tid. Billeder af en norsk bygd (1907).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre