Nylænde: tidsskrift for kvindernes sak var det fyrste kvinnesaktidsskriftet i Noreg og blei gjeve ut av Norsk Kvinnesaksforening (NKF) mellom 1887 og 1927 med Gina Krog og Fredrikke Mørck som redaktørar. Tidsskriftet var det leiande organet i kampen for røysterett for kvinner, og var eit av dei mest innverknadsrike politiske og kulturelle tidsskrifta i Noreg.[2] Tidsskriftet var òg eit leiande organ for litteraturkritikk; Marius Wulfsberg ved Nasjonalbiblioteket uttalte at «det var Gina Krog og hennes anmeldere [i Nylænde] som gjorde Ibsen til en stor forfatter».[3] Ordet «nylænde» tyder 'nytt lende' eller 'nytt terreng'. Frå 1901 hadde tidsskriftet ei solsikke som logo, eit symbol som sidan 1860-åra hadde vore det dominerande symbolet for den liberale kvinnesakrørsla og røysterettsrørsla i USA.

Nylænde

TypeTidsskrift, periodikum[1]
Grunnlagd1887, 1885'"`Uniq--ref-00000001-qinu`"'
Nedlagd1927
UtgjevarNorsk Kvinnesaksforening, Gina Krog
Redaktør(ar)Gina Krog (1887– 1916), Fredrikke Mørck (1916– 1927)
SpråkNorsk[1]
Nettstadhttps://www.kvinnesakshistorie.no/nylaende/ (norsk)

Historie endre

Bakgrunn endre

 
Nylænde 1. mars 1887, med eit innlegg av Camilla Collett.

Det var snakk om å oppretta eit tidsskrift allereie på den fyrste generalforsamlinga til Norsk Kvindesagsforening. Utgjevinga av tidsskriftet kom ikkje i gang før i 1887 på grunn av intern usemje i samskipnaden. Kjernen i strida gjaldt om redaktøren skulle underleggjast kontroll gjennom eit redaksjonsutval, slik fleire medlemmar av samskipnaden ynskte, eller om redaktøren skulle ha full redaksjonell fridom. Gina Krog var tidleg blitt utpeikt som redaktør, og kravde denne fulle fridomen. Krog vann til slutt strida.[4]

I 1886 fekk foreininga tilbod om å overta utgjevinga av det vesle tidsskriftet Den norske Kvinde, som kom ut i Drøbak mellom 1884 og 1886. Samskipnaden ønskte ikkje å overta tidsskriftet, og det gjekk difor inn etter at utgjevinga av Nylænde blei vedteken.[5][6]

Dei første åra endre

Første utgåve av Nylænde kom ut 1. februar 1887. Erik Werenskiold var omslagsteiknar, og Jonas Lie bidrog med eit dikt til høvet:

Det fremad klinger og frem vil gaa,
en Verden af Længsler nu banker paa
Aarhundredets Aand
brød Kvindens Baand
og foran os aner vi stort og vidt
det Nylænde, Livet sig har stridt
Frigjørelsens Arbeid gaar sent og tungt,
men Kvindens Hjerte er friskt og ungt;
naar to i Lag
tar Livets Tag,
skal Slægten nybygge – hun og han
tilsammen rydde det nye Land.[7]

Frå 1901 hadde tidsskriftet ein vignett med ei solsikke, teikna av Marie Hauge. Gina Krog innførte solsikka som symbol i den norske kvinnesakrørsla frå 1894, etter forslag frå Aasta Hansteen.[8] Solsikka var blitt teken i bruk av dei amerikanske stemmerettsforkjemparane Elizabeth Cady Stanton og Susan B. Anthony i 1860-åra, og var frå slutten av 1800-talet blitt det internasjonale symbolet på kvinnesak og røysterettskamp.

Tidsskriftet kom ut annakvar veke. Innhaldet var variert; det blei trykt bokmeldingar, foredrag, samfunnskommentarar, reiseskildringar, lesarinnlegg og aktualitetsstoff. Nylænde var òg ei viktig kjelde til meldingar som gjaldt kvinnesaka, og oppdateringar om kvinnerørsla over heile verda. Tidsskriftet fungerte som eit diskusjonsforum, der lesarar kunne senda inn sine eigne meiningar og hamna på trykk.[9]

Mottakinga av Nylændes var delt. Den politiske venstresida var vennlegstilt til kvinnesaka, og hylla tidsskriftet. Den konservative pressa gjekk til åtaka både på Nylænde og redaktøren av bladet. Morgenbladet hevda at innhaldet var tåkete og uklart. Avisa fordømde òg redaksjonen, som hadde teke usedeleg litteratur som Christian Krohg si bok Albertine inn i varmen.[10]

Folk som Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson og Sigbjørn Obstfelder er berre nokre av dei store litterære skikkelsane i samtida som bidrog med tekstar til Nylænde.[11]

Gina Krog som utgjevar 1893–1916 endre

 
Gina Krog

Striden mellom styret i Norsk Kvindesagsforening og Gina Krog blei aldri løyst, og det blei gjort fleire forsøk på å fjerna Krog frå redaktørstillinga. I 1893 blei Krog avsett av styret, med den grunngjevinga at foreininga ikkje hadde økonomi til å halda fram med utgjevingane av Nylænde. På den tida hadde tidsskriftet berre 420 abonnentar, men trong det dobbelte. Krog ynskte ikkje å leggja ned Nylænde, og tok personleg på seg utgjevinga av tidsskriftet.[12]

Krog var djupt engasjert i Nylænde og kalla tidsskriftet «mit smertena barnet» då økonomien i redaksjonen gjekk dårleg.[13] Engasjementet hennar for Nylænde viste seg òg seinare ved at ho heldt fram med å senda nye utgåver til abonnentar som ikkje lenger betalte.[14]

Krog heldt utgjevingane gåande fram ho døydde 14. april 1916.

NKF som utgjevar 1916–1927 endre

Etter at Krog døydde overlét broren og arvingen hennar, advokat Fredrik Arentz Krog (som òg var enkemann etter den då avlidne Cecilie Thoresen Krog), eigarskapen til Norsk Kvindesagsforening og bad henne halda fram utgjevinga. Nylænde blei gjeve ut av NKF frå 1916 til 1927 med Fredrikke Mørck som redaktør.[15][16]

I perioden 1950–2016 gav NKF ut tidsskriftet Kvinnesaksnytt som inneheldt nyhende og kommentarar om norsk og internasjonal kvinnesak. I 2015 byrja NKF å gje ut det debattorienterte tidsskriftet Feministen.[17]

Tyding for kvinnesaka endre

Det var fleire tidsskrift for kvinner i Noreg i 1880- og 1890-åra. Nylænde skilde seg ut fordi det blei gjeve utog redigert av dei mest aktive forkjemparane for rettane til kvinner i Noreg i samtida, og dermed var det fyrste kvinnesaktidsskriftet i landet og ikkje berre eit generelt kvinnetidsskrift. Av denne grunnen blei Nylænde eit sentralt organ i røysterettskampen. Til trass for at opplaget var mindre enn det til andre tidsskrift, hadde Nylænde ein av dei klaraste politiske profilane.

Nylænde spelte ei sentral rolle i utviklinga av kvinnerørsla i Noreg, og tidsskriftet meistra å sameina kvinnesaksinteresserte på tvers av organisatoriske og politiske skiljeliner i Noreg.[18]

I den siste utgåva av tidsskriftet nemnde redaksjonen nokre av dei sentrale bidragsytarane gjennom åra. Artikkelen framheva kvinnene Camilla Collett, Aasta Hansteen, Vilhelmine Ullmann, Anna Bugge Wicksell, Ragna Nielsen, Anna Rogstad, Anne Holsen, Clara Tschudi, Kitty L. Kielland, Olaug Løken, Antonie Løchen, Sofie Magelssen Groth, Mathilde Schjøtt, Alvilde Prydz, Thora Storm, Nico Hambro, Drude Krog Janson, Anna Steineger, Mathilde Wergeland, Margrethe Vullum, Nikoline Sundt, Randi Blehr, Fredrikke Marie Qvam, Anna Hvoslef, Eva Blytt, Helene Lassen, Caroline Steen, Nanna Thrane, Dorothea Schjoldager, Helga Helgesen, Margrethe Christensen, Lagertha Broch, Hulda Garborg, Hanna Isaachsen, Ellen Gleditsch, Gertrud Adelborg, Sophie Alberti, Maikki Friberg, Alexandra Gripenberg, Anna Wahlenberg, Ann Margret Holmgren og Laura Kieler og mennene Hagbart Berner, Jonas Lie, Bjørnstjerne Bjørnson, Kristofer Janson, Moltke Moe, Bernt Støylen, Amund Helland, Viggo Ullmann, August Thorvald Deinboll, Haakon Løken, Morten Thams, Fredrik Bajer og Knut Wicksell.[19]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.wechanged.ugent.be/wechanged-database/.
  2. Gina Krog og Nylænde, Nasjonalbiblioteket
  3. Gina Krog og Nylænde, Nasjonalbiblioteket
  4. «Bakgrunn». www.stemmerett.no. Henta 7. mai 2018. 
  5. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 86. 
  6. Tveterås, Harald L (1984). Norske tidsskrifter: bibliografi over periodiske tidsskrifter i Norge inntil 1920. Universitetsbiblioteket i Oslo. s. 62. 
  7. Jonas Lie (1. februar 1887). «Nylænde». Nylænde 1 (1) – via Nasjonalbiblioteket. 
  8. Aasta Hansteen (1903). «Solblomsten». Referat fra Nordisk kvindesagsmøde. s. 167–170. 
  9. «Bakgrunn». Henta 7. mai 2018. 
  10. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 90. 
  11. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 89. 
  12. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 90. 
  13. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 90. 
  14. Erichsen, Bodil Chr (2017). Norske kvinners liv og kamp. Res Publica. s. 76–78. 
  15. Agerholt, Anna Caspari (1937). Den norske kvinnebevegelses historie. Gyldendal Norsk Forlag. s. 90. 
  16. Tveterås, Harald L., red. (1984). Norske tidsskrifter : bibliografi over periodiske skrifter i Norge inntil 1920. Universitetsbiblioteket i Oslo. s. XVII. 
  17. «Nylænde», Norsk Kvinnesaksforening (på norsk bokmål), henta 17. januar 2022 
  18. «Nylænde». Store norske leksikon (på norsk). 10. mai 2017. Henta 7. mai 2018. 
  19. Nylænde. 1927. s. 370. 

Bakgrunnsstoff endre