Opna hovudmenyen

Viggo Ullmann

norsk politikar

Johan Christian Viggo Ullmann (21. desember 184830. august 1910) var ein norsk skulemann, embetsmann og stortingsmann for Venstre. Vilhelmine Ullmann var mor hans, Ragna Nielsen syster hans.

Viggo Ullmann
Portrett av Viggo Ullmann(2) crop.jpg
Viggo Ullmann
Foto: L. Szacinski/Nasjonalbiblioteket
Fødd 21. desember 1848
Død 1910
Parti Venstre

Ullmann var fødd i Christiania, far hans var tilsett i Revisjonsdepartementet. Sjølv vart han student frå Oslo katedralskule i 1866, og var så i kort tid huslærar på Nes jernverk. I 1872 vart han cand. phil. Det komande året var han i Danmark, der han vitja ulike folkehøgskular. År 1873 oppretta han folkehøgskule i Austre Moland, to år seinare flytta han skulen til Landvik. Frå 1880 dreiv han folkehøgskulen vidare i Seljord, der han arbeidde for ei meir yrkesfagleg innretting av opplæringa. Skulen flytta fyrste åra rundt mellom Drangedal, Vinje og Gjerpen. Frå 1884 hadde skulen fast tilhaldsstad i Seljord, Ullmann kjøpte ein gard med støtte frå bønder i heradet. På skulen heldt han og lærarkurs.

Ullmann var formann i Det Norske Samlaget 1891-94, samt redaktør for avisa Varden. Pedagogikken hans var prega av Grundtvigs ideal der teologi og læring vert oppfatta som ei frivillig akt, og obligatorisk eksaminering er bytta ut med frivillig eigenevaluering av læringsgrad. Han gjorde seg også til talsmann for Henry George sine idear.

Ullmann var styremedlem i Norges venstreforening 1884-1900, leiar av Venstre 1893-94 og 1898-1900. Han var stortingsrepresentant for Bratsberg amt i perioden 1886-1900, i 1893-94 parlamentarisk leiar. Åra 1886-91 var han medlem av kyrkjekomiteen. Han var stortingspresident 1892-94, 1897 og 1898-1900. Frå 1892 til 1900 var han mellom anna formann i budsjettkomiteen og 1898-1900 i valkomiteen. I 1898 var han formann i komiteen «om varetagelse av Stortingets interesser i anledning av Nobels testamente».[1]

Kvindestemmeretsforeningen, leia av Ullmann si syster, Ragna Nielsen, fekk assistanse av Ullmann då foreininga sette fram forslag til endring i grunnlova. Saman med Wollert Konow (SB) var han sentral i Norges Fredslag og stod seinare for etableringa av Stortingets Fredsforening i 1890, samt Fredsbrevet til kongen same året.

I perioden 1902-1910 var han amtmann i Bratsberg amt.

Ullmann døydde sinnssjuk i 1910 i Vestre Aker.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

NotarEndra

  1. Lindstøl:914

LitteraturEndra

  • Fløistad, Ivar:Viggo Ullmann og Folkehøgskolen i Austre Moland 1873-1875
  • Østvedt, Einar:Viggo Ullmann i Årbok for Telemark 1968

BakgrunnsstoffEndra