Ragnar Frislid
Ragnar Frislid (29. juni 1926–14. juni 2009) var ein norsk fotograf, redaktør og forfattar frå Oslo.
Ragnar Frislid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juni 1926 |
Død |
14. juni 2009 (82 år) |
Yrke | fotograf, journalist, omsetjar |
Frislid starta arbeidskarrieren sin som skogsarbeidar. Seinare vart han journalist i Dagbladet, redaktør i NJFF sitt tidsskrift Jakt - fiske - friluftsliv (no: Jakt & Fiske), redaktør i Den norske Turistforening sitt tidsskrift Fjell og vidde, og Norges Naturvernforbund sitt medlemsblad Norsk natur (no: Natur & miljø). Dette bladet styrte han i 21 år, frå 1966 til 1987.
Han var medlem i foreininga Norske Naturfotografer der han i ein periode også var leiar. Han var elles tilknytt biletbyrået Samfoto.
Frislid har bidrege med fotografi og illustrasjonar til mange bøker om natur. Ved sida av eigne bøker har Frislid vore ein aktiv bakmann og oppdragsforfattar. Han har skrive bøker til jubilé, til «tema-år», og for fjernsynsprogram. I tillegg har han omsett og vore biletredaktør. Sjølv reknar han Treet som den beste boka si. På 1980-talet laga han i sju år kvar veke kåseri for radio, og han var fast medarbeidar for bladet Hytteliv i over 20 år.
Frislid mottok Den Norske Friluftslivsprisen i 1995.
Bøker
endre- Naturvern (1964)
- Perler i norsk natur, Cappelen (1971)
- Jakt og fiske i Norge (1971)
- Det store samspillet (1977)
- Gjende, Cappelen (1982)
- Trompet i November (1987)
- Naturen rundt. En veiviser for unge lesere, Tiden Norsk Forlag (1988)
- Norske kulturlandskap, Landbruksforlaget (1989) ISBN 82-529-1363-6
- Dyr om natten (1990)
- Natur mellom to hav (1990)
- Moses Oter (saman med Unn Gehrken), (1990)
- Fjellheimen lever - Dyr og planter på en utpost (1992)
- Seterlandet, Cappelen (1993)
- Treet, Cappelen (1994)
- Inn i skogen - Dyrenes liv og vekstenes hverdag i norsk skognatur
- Mellom Bakkar og Berg, Aschehoug forlag (1995)
- Glomma, Cappelen (1995)
- Nordmarka (saman med Gjermund Andersen), Gyldendal (1996)
- Gjende - Sjoa - Heidal, Cappelen (1997)
- Med båt bak alle blåner : opplevelsesreiser på innlandets vannveier: veteraner på elv og innsjø (2000)
Litteratur om Frislid
endre- Morten Haugen. Standplass ved bokhylla (1998)
- Intervju i Norsk natur nr 1, 1986
- Intervju i Natur & miljø nr 4, 1996 (attgjeve i årboka natur 96/97)
- Denne artikkelen bygger på «Ragnar Frislid» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2008.