Ragnar Hoen
Ragnar Harald Hoen (fødd 5. oktober 1940) er ein norsk sjakkspelar. Han har blitt Noregsmeister i sjakk tre gongar, i 1963, 1978 og 1981.[1]
Ragnar Hoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. oktober 1940 Oslo |
Død | |
Idrett | sjakk |
Tok del i |
Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1976, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982 |
Ragnar Hoen er utnemnd til tittelen FM (FIDE Master) av Verdssjakkforbundet FIDE.
Ragnar Hoen vann den nordiske meisterskapen i sjakk i 1967[2]. Han har vore på det norske landslaget i sjakk-olympiaden (VM for landslag) heile 12 gongar, alle sjakk-OL frå 1960 til 1982, av dette fem gongar også som lagleiar.[3][4]
Dei siste åra har Hoen prioritert seniorklassa i NM i sjakk, aldersklassa for dei som er over 60 år. Ragnar Hoen har vunne denne klassa kvart år frå 2002 til 2007, 6 år på rad.[5]
Ragnar Hoen har heile 17 gongar vore med på å vinne NM i sjakk for klubblag for Oslo Schakselskap sitt lag.[6]
Ragnar Hoen er onkel til høgdehopparen Steinar Hoen.
KjelderEndra
- Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, side 16 Ragnar Hoen - senior: Grossist i mesterskap
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv