Sjakkolympiade
Sjakkolympiade, også kalla sjakk-OL, er lag-VM i sjakk for nasjonslag. Verdssjakkforbundet FIDE har arrangert denne sjakkturneringa sidan 1927, stort sett anna kvart år. Før andre verdskrigen vart turneringa til dels halde årleg.
I åra 1957, 1963, 1966, 1969 og 1974 vart det arrangert eigne sjakk-OL for kvinner. Sjakk-OL i 1972, og alle sjakk-OL sidan 1976 har hatt ei eiga kvinneklasse. Sjakk-OL har ikkje ei klasse for menn og ei for kvinner, men ei opa klasse, der kvinner kan delta på laga saman med dei mannlege spelarane, og ei kvinneklasse. Til dømes Judit Polgar har såleis deltatt på Ungarn sitt landslag saman med dei beste mannlege ungarske spelarane i opa klasse.
I opa klasse har det blitt spela over 4 bord, med to reservar. I kvinneklassa har det blitt spela over 3 bord, med ein reserve. Frå sjakk-OL i 2008 har det blitt spelt over 4 bord i begge klasser, med ein reserve.
Her har også blitt arrangert to uoffisielle sjakk-olympiadar, i 1936 og 1976. Desse var ikkje godkjende av verdssjakkforbundet FIDE. Den første av desse var nazi-Tyskland sitt "sjakk-OL" i München i 1936. I 1976 vart det offisielle sjakk-OL arrangert i Haifa i Israel. At Israel fekk denne turneringa var politisk omstridd, og ein del land boikotta sjakk-OL i Haifa, og andre land deltok i eit mot-OL arrangert i Tripolis.
Verdssjakkforbundet FIDE har no ein del år vore medlem av Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), men sjakk er ikkje med som olympisk sport. Det er såleis noko misvisande at lag-VM i sjakk, som sjakk-olympiaden i realiteten er, har fått dette namnet.
Sjakk-OL i 2014 vart arrangert i Tromsø.
Det vinnande laget i kvinneklassa får Vera Menchik-pokalen.
Opa klassa
endreÅr | Turnering | Stad | Gull | Sølv | Bronse |
---|---|---|---|---|---|
1924 | Sjakk-OL (individuell) | Paris | Tsjekkoslovakia | Ungarn | Sveits |
1926 | Lag-turneringa (del av FIDE-møte) | Budapest | Ungarn | Jugoslavia | Romania |
1927 | 1. sjakk-OL | London | Ungarn 40 | Danmark 38.5 | England 36.5 |
1928 | 2. sjakk-OL | Haag | Ungarn 44 | USA 39.5 | Polen 37 |
1930 | 3. sjakk-OL | Hamburg | Polen 48.5 | Ungarn 47 | Tyskland 44.5 |
1931 | 4. sjakk-OL | Praha | USA 48 | Polen 47 | Tsjekkoslovakia 46.5 |
1933 | 5. sjakk-OL | Folkestone | USA 39 | Tsjekkoslovakia 37.5 | Sverige 34 |
1935 | 6. sjakk-OL | Warszawa | USA 54 | Sverige 52.5 | Polen 52 |
1936 | Uoffisielt sjakk-OL | München | Ungarn | Polen | Tyskland |
1937 | 7. sjakk-OL | Stockholm | USA 54.5 | Ungarn 48.5 | Polen 47 |
1939 | 8. sjakk-OL | Buenos Aires | Tyskland 36 | Polen 35.5 | Estland 33.5 |
1950 | 9. sjakk-OL | Dubrovnik | Jugoslavia 45.5 | Argentina 43.5 | Vest-Tyskland 40.5 |
1952 | 10. sjakk-OL | Helsingfors | Sovjet-Unionen 21 | Argentina 19.5 | Jugoslavia 19 |
1954 | 11. sjakk-OL | Amsterdam | Sovjet-Unionen 34 | Argentina 27 | Jugoslavia 26.5 |
1956 | 12. sjakk-OL | Moskva | Sovjet-Unionen 31 | Jugoslavia 26.5 | Ungarn 26.5 |
1958 | 13. sjakk-OL | München | Sovjet-Unionen 34.5 | Jugoslavia 29 | Argentina 25.5 |
1960 | 14. sjakk-OL | Leipzig | Sovjet-Unionen 34 | USA 29 | Jugoslavia 27 |
1962 | 15. sjakk-OL | Varna | Sovjet-Unionen 31.5 | Jugoslavia 28 | Argentina 26 |
1964 | 16. sjakk-OL | Tel Aviv | Sovjet-Unionen 36.5 | Jugoslavia 32 | Vest-Tyskland 30.5 |
1966 | 17. sjakk-OL | Havana | Sovjet-Unionen 39.5 | USA 34.5 | Ungarn 33.5 |
1968 | 18. sjakk-OL | Lugano | Sovjet-Unionen 39.5 | Jugoslavia 31 | Bulgaria 30 |
1970 | 19. sjakk-OL | Siegen | Sovjet-Unionen 27.5 | Ungarn 26.5 | Jugoslavia 26 |
1972 | 20. sjakk-OL | Skopje | Sovjet-Unionen 42 | Ungarn 40.5 | Jugoslavia 38 |
1974 | 21. sjakk-OL | Nice | Sovjet-Unionen 46 | Jugoslavia 37.5 | USA 36.5 |
1976 | 22. sjakk-OL * | Haifa | USA 37 | Nederland 36.5 | England 35.5 |
1976 | Mot-Israel-sjakk-OL | Tripoli | El Salvador | Tunis | Pakistan |
1978 | 23. sjakk-OL | Buenos Aires | Ungarn 37 | Sovjet-Unionen 36 | USA 35 |
1980 | 24. sjakk-OL | Valletta | Sovjet-Unionen 39 | Ungarn 39 | USA 35 |
1982 | 25. sjakk-OL | Lucerne | Sovjet-Unionen 42.5 | Tsjekkoslovakia 36 | USA 35 |
1984 | 26. sjakk-OL | Thessaloníki | Sovjet-Unionen 41 | England 37 | USA 35 |
1986 | 27. sjakk-OL | Dubai | Sovjet-Unionen 40 | England 39 | USA 38 |
1988 | 28. sjakk-OL | Thessaloníki | Sovjet-Unionen 40.5 | England 34.5 | Nederland 34.5 |
1990 | 29. sjakk-OL | Novi Sad | Sovjet-Unionen 39 | USA 35.5 | England 35.5 |
1992 | 30. sjakk-OL | Manila | Russland 39 | Uzbekistan 35 | Armenia 34.5 |
1994 | 31. sjakk-OL | Moskva | Russland 37.5 | Bosnia/Herzogovina 35 | Russland II 34.5 |
1996 | 32. sjakk-OL | Jerevan | Russland 38.5 | Ukraina 35 | USA 34 |
1998 | 33. sjakk-OL | Elista | Russland 35.5 | USA 34.5 | Ukraina 32.5 |
2000 | 34. sjakk-OL | Istanbul | Russland 38 | Tyskland 37 | Ukraina 35.5 |
2002 | 35. sjakk-OL | Bled | Russland 38.5 | Ungarn 37.5 | Armenia 35 |
2004 | 36. sjakk-OL | Calvià | Ukraina 39.5 | Russland 36.5 | Armenia 36.5 |
2006 | 37. sjakk-OL | Torino | Armenia 36 | Kina 34 | USA 33 |
2008 | 38. sjakk-OL | Dresden | Armenia 19 | Israel 18 | USA 17 |
2010 | 39. sjakk-OL | Khanty-Mansijsk | Ukraina 19 | Russland 18 | Israel 17 |
2012 | 40. sjakk-OL | Istanbul | Armenia 19 | Russland 19 | Ukraina 18 |
2014 | 41. sjakk-OL | Tromsø | Kina 19 | Ungarn 17 | India 17 |
2016 | 42. sjakk-OL | Baku | USA 20 | Ukraina 20 | Russland 18 |
2018 | 43. sjakk-OL | Batumi | Kina 18 | USA 18 | Russland 18 |
* I 1976 deltok ikkje Sovjet-Unionen og andre kommunist-land av politiske grunnar.