Steinar Hoen

Steinar Breidsvoll Hoen (fødd 8. februar 1971) er ein norsk forretningsdrivande og tidlegare friidrettsutøvar. Han representerte IK Tjalve i Oslo. Han vart europameister i høgdehopp 9. august 1994 med resultatet 2,35 m, som inntil 9. august 2006 (altså på dagen 12 år) var meisterskapsrekord for EM. Hoen er 1,92 m høg.

Steinar Hoen
2012-06-07 Bislett Games Steinar Hoen01.jpg
Fødd 8. februar 1971 (49 år)
Oslo
Yrke samfunnsøkonom, friidrettsutøvar
Steinar Hoen på Commons

Hoen sette sin første norske rekord den 22. juni 1991 med eit hopp på 2,27 m. Ein månad seinare sletta Håkon Särnblom denne rekorden. Denne rekorden hadde Särnblom i berre fjorten dagar, til dess Hoen 4. august 1991 gjekk over 2,29 m i eit stemne i Bergen. Sidan forbetra han den norske rekorden centimeter for centimeter til han stoppa på 2,36 m.

Hoens personlege rekord, 2,36 m, oppnådde han i tre tevlingar. Første gongen innandørs 12. februar 1994 i Balingen, Tyskland. Også året etter hoppa han 2,36 m innandørs. Utandørs gjekk han også over denne høgda; 1. juli 1997 på Rådhusplassen i Oslo, noko som er gjeldande norsk rekord. Ved 32 tevlingar hoppa 2,30 m eller høgare. Han la opp i 1999.

Hoen vart i 2007 leiar for Bislett Games.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Medaljar norske meisterskapEndra

  • Gull: 1991, 1993-98
  • Bronse: 1992

Personlege rekordar og årsbesteEndra

År 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998
Høgde 2,29 2,30 2,32 2,35 2,35 2,32 2,36 2,30