Ragnar Kalheim

norsk politikar (1926–1974)

Ragnar Toralf Kalheim (22. desember 192626. mai 1974) var ein norsk fagforeiningsleiar og sosialist.

Ragnar Kalheim
Fødd22. desember 1926
Nesbyen kommune
Død26. mai 1974 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
MedlemFolkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977) Sjå dette på Wikidata

Kalheim vart fødd i Nesbyen. Faren var rallar, og flytte mykje rundt med familien før dei endeleg slo seg ned i Tønsberg rett før krigen starta.

Han deltok i motstandsarbeid under andre verdskrigen, og gjekk inn i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. Kalheim blei ekskludert (utestengd) av NKU som Furubotn-tilhengar i 1949.

Frå same året arbeidde Kalheim som tømmermann ved Akers Mekaniske Verksted i Oslo. Han fekk snart tillitsverv i fagorganisasjonen, i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund (LO). Frå 1957 sat han i forbundsstyret, og i 1973 blei han vald til leiar for Avdeling 1 av Jern og Metall, den største fagforeininga i Noreg da.

Kalheim deltok i folkeaksjonar mot atomvåpen, NATO og norsk medlemskap i EF/EU. Han var nestleiar i «Folkebevegelsen mot EEC*» frå 1970, og bidrog i høg grad til at det blei fleirtal for nei-sida.

  • (EEC=EF=EU).

Partimessig var Kalheim medlem av Det norske Arbeidarpartiet frå 1959 til 1973, da mange av EF/EU-motstandarane, som hadde organisert seg i Arbeidernes Informasjonskomite AIK, gjekk ut av partiet. Da hadde Kalheim alt ei god stund vore tilhengar av samling på venstresida i eitt breitt sosialistisk parti. Etter nei-sigeren i folkerøystinga i 1972, blei dette delvis verkeleggjort i og med opprettinga av Sosialistisk Valforbund i 1973, som blei til Sosialistisk Venstreparti i 1975. Kalheim var ein viktig faktor i denne samlingsprosessen til han brått døydde i 1974.

Kalheim stod for ein sjølvstendig og gradualistisk sosialisme, ein «sosialisme på norsk», som det kom til å heite nokre år seinare. Han ville gjere «den uverdige problemstillinga Moskva, Brüssel eller Washington heimlaus i norsk politisk tenking», og såg for seg ei gradvis utvikling av norsk sosialisme blant anna gjennom utvida arbeidarmakt i bedriftene.

Kalheim sine synspunkt kunne vere omstridde på venstresida, men han var høgt verdsett, ikkje minst for sin vinnande personlegdom og folkelege radikalisme.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre