Ragnhild Myklebust
Ragnhild Myklebust (fødd 13. desember 1943) er ein norsk idrettsutøvar og rekordvinnar av gullmedaljar.
Ragnhild Myklebust | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. desember 1943 (81 år) Oslo |
Idrett | skiskyting, kombinert, langrenn, lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Paralympiske vinterleikar 2002, Paralympiske vinterleikar 1998, Paralympiske vinterleikar 1994, Paralympiske vinterleikar 1992, Paralympiske vinterleikar 1988 |
Utmerkingar | Erling Stordahls ærespris, Regjeringens paralympiske ærespris |
På grunn av polio i barndommen dreiv ho med sitjeski, og var lenge rekna som ein uslåeleg meister i denne idretten. Ho deltok i Dei paralympiske leikane i 1988, 1992, 1994, 1998 og 2002, der ho vann til saman tjueto gullmedaljar, meir enn nokon annan idrettsutøvar. Etter leikane i Salt Lake City slutta Myklebust å konkurrera, 58 år gammal.
I 1999 vann Ragnhild Myklebust Erling Stordahls ærespris for prestasjonane sine som handikappa idrettsutøvar.
Bakgrunnsstoff
endre- Reportasje med bilete i VG
- «Ragnhild Myklebust» (på engelsk). Paralympic.org. Henta 15. april 2023.