Ragnhild Stolt-Nielsen
Ragnhild Stolt-Nielsen (fødd 16. april 1969) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre i Bergen, opphavleg frå Haugesund. Ho er dotter til tidlegare stortingsrepresentant Inger Stolt-Nielsen.
Ragnhild Stolt-Nielsen | |||
| |||
Fødd | 16. april 1969 (55 år) Haugesund kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bergen | ||
Mor | Inger Stolt-Nielsen | ||
Alle verv |
Karriere
endreRagnhild Stolt-Nielsen har vore leiar av kontrollutvalet i Bergen bystyre 1999-2003 og nestleiar for Oppvekstkomitéens 2007-2011. Fra 24. januar 2011 har ho vore kommunalråd i Bergen kommune (leiar av Finanskomitéen) og Høgre sin gruppeleiar i bystyret. Ho er også styreleiar i Frøkenstiftelsen, og styremedlem i Bergen Reiselivslag og Bergen Vann KF. I tillegg har ho hatt mange ulike verv både i Bergen Høgre og Hordaland Høgre.[1]
Ragnhild Stolt-Nilsen er Hordaland Høgre sin 2. vararepresentant til Stortinget i perioden 2009-2013. Etter at Henning Warloe trekte seg frå alle verv grunna narkotikatiltalen mot han i mars 2012, vart Ragnhild Stolt-Nielsen vald til ny nestleiar i Hordaland Høgre.[2]
Ragnhild Stolt-Nielsen er gift og har tre born.[3]
Kjelder
endre- ↑ Profil hjå Hoyre.no
- ↑ NRK.no, 07.03.12: Hun blir Warloes erstatter
- ↑ Ragnhild Stolt-Nielsen hjå TV 2 Velgerguiden
- Denne artikkelen er omsett frå «Ragnhild Stolt-Nielsen» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2012.