Rahul Gandhi

indisk politikar

Rahul Gandhi (fødd 19. juni 1970) er en indisk politikar for Kongresspartiet.

Rahul Gandhi

Fødd19. juni 1970 (53 år)
Delhi
Statsborgar avIndia
PartiKongresspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedRollins College
Trinity College i Cambridge
Harvard University
Delhi-universitetet
MorSonia Gandhi
FarRajiv Gandhi
Alle verv
  • Member of the 14th Lok Sabha (2004–)
  • Member of the 16th Lok Sabha
  • Member of the 15th Lok Sabha
  • Member of the 17th Lok Sabha (2019–2023) Sjå dette på Wikidata
Signatur

Rahul Gandhi er fødd i Delhi som son av Rajiv Gandhi og Sonia Gandhi. Han er fjerde generasjon i det indiske Nehru-Gandhi-dynastiet.[1]

Rahul Gandhi studerte økonomi i Storbritannia og har mastergrad i utviklingsøkonomi frå Trinity College i Cambridge.[2] Etter å ha arbeidd ei tid i London, vende han tilbake til India i 2002.

Gandhi engasjerte seg i politikken for Kongresspartiet i 2004. Han blei innvald til Lok Sabha frå valkrinsen Amethi i Uttar Pradesh, som tradisjonelt har vore representert av medlemmer frå hans familie.[1] I 2009 vann han gjenval.[2]

Rahul Gandhi blei vald til generalsekretær i Kongresspartiet i 2007, og i januar 2013 blei han nestleiar i partiet der mora er leiar. Ved valet i India i 2014 fekk han ansvar for valkampen til partiet.[1]

Kjelder endre

  Denne politikkartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.