Rainy Days and Mondays

Rainy Days and Mondays
Singel av The Carpenters
B-side

«Saturday»

Utgjeve 23. april 1971
Innspelt 1971
Sjanger Pop
Lengd 3:36
Selskap A&M1260
Låtskrivar(ar) Paul Williams; Roger Nichols
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi 
«For All We Know»
(1971)
Rainy Days and Mondays «Superstar»
(1971)


«Rainy Days and Mondays» er ein song frå 1971 av The Carpenters som nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista i USA og vart den fjerde songen deira som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.[1] Songen gjekk ikkje inn på salslista i Storbritannia før 1993, då han nådde 63. plass. «Rainy Days and Mondays» selde til gullplate i USA.

Songen vart skriven i 1971 av dei då relativt ukjende låtskrivarane Roger Nichols og Paul Williams. Han vart gjeven ut som det første sporet på albumet Carpenters. B-sida til singelen var «Saturday».

Olivia Newton-John, ein av dei gode venene til Karen Carpenter, spelte inn ein versjon av songen på albumet hennar, Indigo: Women of Song som ei hyllest til Karen.

Andy Williams gav ut ein versjon i 1971 på albumet You've Got a Friend.

Liste Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Easy Listening 1
U.S. Cash Box Top 100 2
Canada 3
Japan 71
UK Singles Chart (1993) 63

Samlealbum

endre
  • Yesterday Once More
  • From the Top
  • Interpretations
  • Love Songs
  • The Essential Collection
  • Carpenters: Gold 35th Anniversary Edition

Kjelder

endre
  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 47.