Raipaskomplekset, tidlegare kalla Raipasformasjonen, er ei gruppe omdanna sandsteinar, leirskiferar og lavabergartar frå prekambrium, for kring 1800 millionar år sidan. Nokre av dei eldste fossila i Europa er funne her i form av stromatolittar.

Den øvre eininga inneheld mykje dolomittstein. Han finst dels i nokre isolerte område (vindauge) i Kvænangen, Alta og Repparfjorden, og dels i indre Finnmark, omkring Masi og frå botnen av Porsangerfjorden til Karasjok. I det nedre delen er det fleire store, men uregelmessige og fattige koparførekomstar. Dei viktigaste er Kåfjord i Alta, Repparfjord og Bidjovagge.

Komplekset er kalla opp etter Lille-Raipas i Alta.

KjelderEndra