Rakiura nasjonalpark

(Omdirigert frå Rakiura National Park)

Rakiura National Park er eit naturreservat på Stewart Island/RakiuraNew Zealand. Det er den 14. av nasjonalparkane på New Zealand, og vart offisielt opna 9. mars 2002. Han dekkjer eit areal på 1 570 km², det er om lag 85 % av Stewart Island, den tredje største øya på New Zealand. Parken omfattar ikkje det bymessige området kring Halfmoon Bay (Oban), ein del vegar, og såvel privat eller maori-eigd land lenger innover i landet[1]. Parken er sett saman av eit nettverk av tidlegare naturreservat, andre verna område og statlege skogar.

Rakiura National Park
Frå Rakiura Track på Stewart Island/Rakiura
Frå Rakiura Track på Stewart Island/Rakiura
Frå Rakiura Track på Stewart Island/Rakiura
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Southland
Oppretta 2002
Geografi
Flatevidd 1 683 km²
Flatevidd
 - By

1570 km²
Koordinatar 46°54′S 168°7′E / 46.900°S 168.117°E / -46.900; 168.117
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Administrert av Department of Concervation
Plassering
Rakiura nasjonalpark is located in New Zealand

Naturhistorie

endre

Den populære turruta Rakiura Track ligg inne i nasjonalparken. Mange stadeigne fugleartar held til i parken, og Rakiura byr kanskje på dei beste høva på New Zealand til å sjå kiviar i naturlege omgjevnadar. Dette er delvis også på grunn av at det ikkje finst røyskatt eller ilder i parken. Somme kystområde i parken er hekkeområde for den trua arten gulaugepingvin[2].

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 
Nær Port William Hut på nordkysten.

Kjelder

endre

Referansar

endre