Rakiura nasjonalpark
Rakiura National Park er eit naturreservat på Stewart Island/Rakiura på New Zealand. Det er den 14. av nasjonalparkane på New Zealand, og vart offisielt opna 9. mars 2002. Han dekkjer eit areal på 1 570 km², det er om lag 85 % av Stewart Island, den tredje største øya på New Zealand. Parken omfattar ikkje det bymessige området kring Halfmoon Bay (Oban), ein del vegar, og såvel privat eller maori-eigd land lenger innover i landet[1]. Parken er sett saman av eit nettverk av tidlegare naturreservat, andre verna område og statlege skogar.
Rakiura National Park | ||
---|---|---|
Frå Rakiura Track på Stewart Island/Rakiura | ||
Styresmakter | ||
Land Region |
New Zealand Southland | |
Oppretta | 2002 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 1 683 km² | |
Flatevidd - By |
1570 km² | |
Koordinatar | 46°54′S 168°7′E / 46.900°S 168.117°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC) +13 (UTC) | |
Administrert av Department of Concervation | ||
Plassering | ||
Naturhistorie
endreDen populære turruta Rakiura Track ligg inne i nasjonalparken. Mange stadeigne fugleartar held til i parken, og Rakiura byr kanskje på dei beste høva på New Zealand til å sjå kiviar i naturlege omgjevnadar. Dette er delvis også på grunn av at det ikkje finst røyskatt eller ilder i parken. Somme kystområde i parken er hekkeområde for den trua arten gulaugepingvin[2].
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rakiura National Park» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2012.
Referansar
endre- ↑ «Stewart Island national park created». The New Zealand Herald. 10. mars 2002. Henta 30. november 2012.
- ↑ C. Michael Hogan. 2009. Yellow-eyed Penguin: Megadypes antipodes, GlobalTwitcher.com, ed. N. Stromberg Arkivert 2011-10-05 ved Wayback Machine.