Ralstonitt
Ralstonitt er eit fargelaust til kvitt mineral som krystalliserer kubisk. Det er eit vasshaldig aluminiumfluorid med varierande mengder natrium og magnesium: NaxMgxAl2−x (F,OH)6·H2O. Det finst sekundært etter kryolitt ved Ivittuut (Ivigtut) på Grønland. Mineralet er relativt utbreitt som små krystall på druserom i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.
Mineralet er kalla opp etter J. G. Ralston frå USA, som først fann mineralet.
Kjelder
endre- Ralstonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ralstonitt.