Ramsøyfjorden
Ramsøyfjorden er ein fjord mellom Smøla og Hitra kommune langs grensa mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. Fjorden strekkjer seg 16 km søraustover til Trondheimsleia.
Fjorden har innløp frå Norskehavet i nord mellom Steinsøya i vest og Sæbuøya i aust. Frå Forsnes på Hitra går det ferje over fjorden og sørover til Edøya på sørsida av Smøla.
Riksveg 669 går langs fjorden på Smøla og Riksveg 713 går langs fjorden på Hitra. 63°26′48.574″N 8°12′14.548″E / 63.44682611°N 8.20404111°E