Randi Folkestad

Randi Folkestad (fødd 24. september 1933) er ein norsk forfattar.

Randi Folkestad
Fødd 24. september 1933 (88 år)
Svolvær
Yrke skribent

Folkestad er fødd i Svolvær, men sidan sekstitalet har ho vore busett i Sandnes og Stavanger. Ho har utdanning i fransk språk, historie og litteraturhistorie frå Sorbonne i Paris. Folkestad har også ein eksamen i psykologi og pedagogikk.

I 1985 gav Folkestad ut ein roman, Tangsforretningen. I boka har ho til dels gjort bruk av eigen barndom under siste verdskrig. I 1994 bidrog ho med «Funnyland» i samlinga Vidunderlige nye verden til minne om Aldous Huxley. Som pensjonist deltar ho framleis aktivt i kulturlivet, mellom anna gjennom formidling av litteratur på biblioteka i Sandnes og Stavanger.

VerkEndra

  • Tangsforretningen. (Gyldendal, 1985)
  • «Funnyland» i Vidunderlige nye verden (Gyldendal Norsk Forlag, 1994)
  • «Ovenpå og nedenunder» (Kolofon 2015)

KjelderEndra