Friedrich Nietzsche

tysk filosof

Friedrich Wilhelm Nietzsche (15. oktober 184425. august 1900) var ein tysk filosof.

Friedrich Nietzsche

FøddFriedrich Wilhelm Nietzsche
15. oktober 1844
Röcken
Død25. august 1900
Weimar
NasjonalitetKongedømet Preussen, ingen verdi
Områdefilosofi, estetikk, nihilisme, etikk, psykologi, ontologi, dikt, historiefilosofi
Yrkefilosof, lyrikar, skribent, komponist, pedagog, klassisk filolog, musikkritikar, klassisk filolog
InstitusjonarUniversitetet i Basel
Alma materUniversitetet i Bonn
Universitetet i Leipzig
Domgymnasium Naumburg
Landesschule Pforta
MedlemBonner Burschenschaft Frankonia
Fotografi av Friedrich Nietzsche frå 1882.

Nietzche var fødd i Röcken ved Lützen ikkje langt frå Leipzig.

Han utvikla mellom anna omgrepet nihilisme, og kom til å verte viktig for europeisk filosofi og litteratur kring hundreårsskiftet 1900. Komponisten Richard Wagner og filosofen Arthur Schopenhauer påverka tidleg Nietzsche, men han frigjorde seg seinare frå deira tenking og utvikla han vidare.

Dei mest kjende bøkene hans er Also sprach Zarathustra (slik tala Zaratustra) og Jenseits von Gut und Böse (Hinsides det gode og det vonde) Programmatisk for nihilismen er setninga Gott ist tot (Gud er død).

Frå 1889, etter ei stor krise i Torino, vart Nietzsche sinnsjuk og vart teken hand om av syster si. Han døydde i Weimar, og systera, som var tiltrekt av nasjonalsosialismen, redigerte og forfalska ein stor del av det han skreiv. Nasjonalsosialistane misbrukte og fordreia Nietzsche si tenking og nytta han som eit ideologisk førebilete.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Friedrich Nietzsche
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Friedrich Nietzsche