Ezra Weston Loomis Pound (30. oktober 18851. november 1972) var ein amerikansk modernistisk poet og forfattar.

Ezra Pound

Statsborgarskap USA
Fødd 30. oktober 1885
Hailey
Død

1. november 1972 (87 år)
Venezia

Yrke lyrikar, litteraturkritikar, komponist, omsetjar, sjølvbiograf, skribent, samfunnsøkonom, journalist, radioprogramleiar, litteraturhistorikar
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Far Homer Loomis Pound
Mor Isabel Weston
Ektefelle Dorothy Shakespear
Born Mary de Rachewiltz, Omar Pound
Ezra Pound på Commons

Pound flytta til London i 1908 der han arbeidde som utanlandsredaktør for fleire amerikanske litteraturtidsskrift. I denne rolla hjelpte han til med å forme verka til – og gjere kjent – blant andre T.S. Eliot, James Joyce, Robert Frost og Ernest Hemingway. I London var Pound ein del av ein litterær krins rundt den engelske kritikaren og modernistiske poeten T.E. Hulme og var før første verdskrigen ei drivkraft bak dei kortliva modernistiske retningane imagisme og vortiksisme.

Ezra Pound i amerikansk fangenskap kort tid etter at andre verdskrigen var slutt.

Pound hyste fascistsympatiar, og flytta derfor frå London til Frankrike og seinare til Italia. Etter krigen blei han teken til fange og skulda for å ha brukt italiensk radio til å freista øydelegge den amerikanske moralen og styrke den italienske. Han blei send til USA der han blei halden innesperra på ein psykiatrisk institusjon til slutten av 1950-talet, truleg for at dei amerikanske styresmaktene skulle sleppe å føre rettssak mot han.

Hovudverket til Pound er det uferdige The Cantos som han arbeidde på frå 1920-talet. Meininga var å skrive eit epos med 100 songar etter mål av Dante, men han døydde før han blei ferdig.

Ezra Pound komponerte òg musikk, blant anna operaer, songar og kammermusikk. Stilen hans var særs spesiell, til dømes nytta han uvanlege taktartar som 25/32.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ezra Pound