Rasjonalisme kjem av det latinske ratio som tyder 'fornuft'. Det er eit viktig omgrep innan filosofi og teologi.

I filosofien endre

Innan filosofi inneber rasjonalisme at dei verkelege kjeldene til kunnskap er fornuft og tenking, ikkje sansane.

Som kunnskapsteoretisk retning står rasjonalismen i motsetnad til empirismen som byggjer på erfaring. Det vert lagt til grunn at mennesket har medfødde idear som ikkje er basert på erfaring, men som kan gripast ved intuisjon. Rasjonalismen går ut frå nokon sjølvinnlysande grunnsetningar, og ut frå dei skal det ved hjelp av fornufta vere mogleg å slutte seg til kunnskap om Gud og den fysiske verkelegheita. Representantar for retninga er Platon, Rene Descartes, Baruch Spinoza ((1632-1677), Gottfried Wilhelm Leibniz (1646-1716) og Immanuel Kant (1724-1804).

Descartes sitt utgangspunkt for kunnskapstileigning var erkjenninga «Cogito ergo sum», dvs. «eg tenkjer, altså er eg». Han skriv om korleis han kom fram til sin metode mellom anna dette: «-- jeg besluttet å late som om overhodet alt det som noensinne hadde kommet meg i sinne, ikke var mer sant enn mine drømmers illusjoner. Men straks etter slo det meg at mens jeg på denne måte ville tenke at alt var feilaktig, var det nødvendig at jeg, som tenkte dette, var noe; og idet jeg merket at denne sannhet: je pense, donc je suis (cogito ergo sum), var så fast og så sikker at ikke de mest ekstravagante av skeptikernes antagelser greide å rive den over ende, så bedømte jeg den derhen at jeg kunne godta den uten skrupler som første prinsipp i den filosofi jeg søkte» (Omsett til bokmål av Arne Næss[1]).

Som teologisk retning endre

Som teologisk retning krev rasjonalismen at trua skal baserast på fornuft og er tilbøyeleg til å avvise grunningar som overstig menneskeleg fatteevne. Rasjonalismen pregar i stor grad 1700-talsteologien.

Kjelder endre

«rasjonalisme» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar
  1. Arne Næss 1957 Filosofiens historie s. 289.