Rasjonale tal
(Omdirigert frå Rasjonelle tal)
Rasjonale tal er tal som kan skrivast på brøkform som , der m er eit heiltal og n eit naturleg tal. Mengda av rasjonale tal vert ofte gjeven som og formar ein kropp, nemleg brøkkroppen til heiltala. Dei rasjonale tala er ei tett, tellbar og ikkje-samanhengande delmengd av dei reelle tala. Reelle tal som ikkje er rasjonale kallast irrasjonale tal.
Desse tala har ei endeleg eller periodisk desimalutvikling, til dømes: