Opna hovudmenyen

Rasmus Hjertenæs

Norsk lærar og politikar

Rasmus Pedersson Hjertenæs (5. juli 186010. oktober 1930) var ein norsk lærar og politikar frå Selje i Nordfjord. Han var ordførar i 19 år og stortingsmann i seks.

Rasmus Hjertenæs
Fødd 5. juli 1860
Død

10. oktober 1930

Hjertenæs var son til ein gardbrukar. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1878 og Stord seminar i 1886. Frå 1878 underviste han i skulen i Selje, sidan 1894 også som kyrkjesongar. Han tok over ordførarombodet i 1898 og leidde heradsstyret til 1916. Periodane 1906-09 og 1910-12 representerte han einmannskrinsen KinnStortinget, der han var med i Næringskomite nr 1, formann 1910-12.

KjelderEndra