Opna hovudmenyen

Rasmus Mathias Nordbø (5. februar 191523. februar 1983) var ein norsk landbruksmann og politikar frå Førde i Sunnfjord, landbruksminister i Torp-regjeringa 1951-55.

Rasmus Nordbø
Fødd 5. februar 1915
Førde
Død

23. februar 1983

Yrke politikar

Nordbø tok eksamen ved landbruksskule i 1934, og ved Noregs landbrukshøgskule i 1939. Åra 1941-45 var han sekretær i Produksjonsdirektoratet. Frå 1945 arbeidde han i Landbruksdepartementet. I tida 1948-51 var han statssekretær i same departementet, då Kristian Fjeld styrte departementet.

Oscar Torp vart statsminister i Noreg i november 1951, vart Nordbø utnemnd til statsråd og sjef i Landbruksdepartementet. Torp-regjeringa gjekk av i januar 1955, og Nordbø var sidan å finne som fylkesagronom, fyrst i Sogn og Fjordane i perioden 1955–64, og frå den tid i Vestfold fylke.

KjelderEndra