Kristian Fjeld

norsk politikar

Kristian Fjeld (16. februar 188723. desember 1976) var ein norsk arbeidar, småbrukar og politikar frå Vestre Toten. Han var landbruksminister 1945-51 i Gerhardsen II-regjeringa og stortingsrepresentant 1945-61 for Arbeidarpartiet.

Kristian Fjeld
Fødd16. februar 1887
Vestre Toten kommune
Død23. desember 1976 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Fjeld var fødd i Vestre Toten. Han arbeidde på gard frå han var 15 år gammal. Åra 1910-17 var han anleggsarbeidar, vekselvis på jarnbane og veg i Hedmark. Frå 1918 til -21 var han linjeformann ved Stange kommunale elektrisitetsverk, og 1921-24 maskinist ved Vik kraftstasjon. I 1925 kjøpte han eit småbruk i Stange og var dessutan 1931-45 jordbrukskyndig likningsrevisor i Hedmark fylke.

Fjeld var medlem i Stange heradsstyre frå 1916 til 1941. Han var ordførar 1926-41 og i 1945, i ein kommune som i 1927 vart sett under offentleg administrasjon grunna høg gjeld. I Stange var han formann i det kommunale elektrisitetsverket frå 1924 til 1951, og i forliksrådet 1926-41. Perioden 1934-37 var han leiar av det ordførarbaserte Hedmark fylkesting, i tillegg til ein kort periode i 1945.

Hausten 1945 vart Fjeld ble vald inn på Stortinget. Same hausten, den 5. november vart han utnemnd til statsråd i Landbruksdepartementet då ei rein Arbeidarparti- og Einar Gerhardsen-styrt regjering kom til makta. Fjeld vart verande landbruksminister i seks samfulle år, han gjekk av 19. november 1951 då Oscar Torp danna ny regjering. Med attval til stortinget i 1949, og seinare i 1953 og 1957, tok Fjeld 21. november 1951 sete i Stortinget for fyrste gong. Han fekk då plass i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, der han var formann i 1952 og -53-sesjonane. Frå 1954 til han forlet tinget i 1961 var han formann i Kommunalkomiteen.

Fjeld var frå 1945 til 1963 med i styret for Norges Brannkasse, formann dei to siste åra. Elles var han medlem i Skogkommisjonen av 1950, formann i Statsselskapskomiteen av 1953 og i Forhandlingsutvalet for jordbruksprisar av 1954.

I 1962 vart Fjeld utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder endre