Rasmus Olai Mortensen

norsk politikar

Rasmus Olai Mortensen (23. august 186930. juli 1934) var ein norsk gardbrukar og politikar for Venstre. Han var provianteringsminister 1921–1922 og sosialminister 1922–1923.

Rasmus Olai Mortensen

Fødd23. august 1869
Bergen
Død30. juli 1934 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv
  • Norges sosialminister (1922–1923)
  • Norges provianteringsminister (1921–1922) Sjå dette på Wikidata

Mortensen var fødd og gjekk på skule i Bergen. Etter avslutta skulegang drog han til Spania, der han arbeidde i trevareforretning 1887–1896. Han dreiv deretter sagbruksforretning i Finland 1896–1902, og dreiv garden Nedre Bleiker i Asker frå 1902. Mortensen hadde ei rekkje offentlege og organisatoriske verv, mellom anna som nestformann i Norsk Landmandsforbund, representant i Selskabet for Norges Vel 1910–1930, styremedlem i Akershus Landhusholdningsselskap, styremedlem i Fellesslakteriet, styreformann i Landmandsposten frå 1913, og formann i Noregs Kreditforening for Land- og Skogbruk frå 1916.

Mortensen formann i Bærum og Follo Venstre ei tid, og dessutan medlem av Asker heradstyre 1907–1919 (varaordførar 1910–1916). Han var provianteringsminister 1921–1922 og sosialminister 1922–1923, begge i den andre regjeringa til Otto Blehr.

Kjelder endre