Rasmus Rasmusson Viland

Rasmus Rasmusson Viland (17758. mai 1837) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vikedal sokn i Vikedal prestegjeld i Rogaland.

Rasmus Rasmusson Viland
Fødd 1775
Vikedal
Død

8. mai 1837 (61 år)
Vikedal

Yrke bonde, politikar

Rasmus Viland var son av gardbrukar og postbonde Rasmus Jakobsen og Lisbeth Tørresdotter på Strand i Sandeid. I 1805 gifta han seg til garden Viland, Ilsvåg, i Vats skipsreide/Vikedal prestegjeld.- frå 1837 Vikedal herad - og dreiv denne sidan. Han tok på seg verv, mellom anna var han prestens medhjelpar. Som prestens medhjelpar hadde Viland innverknad på styre og stell i prestegjeldet.

I 1814 var Viland 4. representant frå Stavanger amtStortinget. Han var då medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik den 10. oktober 1814. Til Stortinget 1836 vart han vald til varamann. Han tapte loddtrekkinga om 3./4. plassen og blei derfor 4. varamann.

Han døydde på Viland i Ilsvåg, 8.mai i 1837. Gravlagt i Vikedal 17. mai 1837.

KjelderEndra