Rasmus S. Aarflot
(Omdirigert frå Rasmus Sivertsen Aarflot)
Rasmus Sivertsson Aarflot (17. januar 1792–19. januar 1845) var ein norsk lensmann, gardbrukar, redaktør og stortingsmann.
Rasmus S. Aarflot | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. januar 1792 Ørsta kommune |
Død |
19. januar 1845 (53 år) |
Yrke | redaktør, politikar |
Språk | norsk |
Far | Sivert Aarflot |
Rasmus S. Aarflot var son av folkeopplysaren Sivert Aarflot, og bror av forfattaren Berte Kanutte Aarflot. Han var fyrst postopnar, og frå 1816 lensmann i Volda. Rasmus S. Aarflot overtok både garden Ekset i Volda og boktrykkeriet Aarflots prenteverk. Han gav ut ulike tidsskrift for å fremje folkeopplysninga (Landboavisen); han representerte Romsdals amt på Stortinga 1824, 1827–1828, 1833 og 1839, og var vald 1845, men han døydde før tingsamlinga. I boksamlinga på Ekset-garden fekk den unge Ivar Aasen stimulert noko av kunnskapslysta si.
Rasmus S. Aarflot var far til Mauritz Aarflot.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Rasmus S. Aarflot NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv