Opna hovudmenyen

Mauritz Andreas Aarflot (13. april 18214. mars 1904) var ein norsk gardbrukar, redaktør og stortingsmann. Han var fødd og døydde på slektsgarden Ekset i VoldaSunnmøre.

Mauritz Aarflot
Mauritz Aarflot.png
Fødd13. april 1821
Volda
Død4. mars 1904
Volda
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeredaktør, politikar
FarRasmus Aarflot

Aarflot var son av redaktør og lensmann i Volda, Rasmus S. Aarflot (1792—1845). Han fekk i 1847 løyve til vidare drift av trykkeriet Aarflots prenteverk. Mauritz Aarflot redigerte og gav ut Postbudet, For Landalmuen 1845–68, og Norsk landbrugstidende 1848–55.

I 1848 overtok han farsgarden på Ekset. Aarflot var ordførar i Volda 1850–57 og 1860–85. Han var sentral både under grunnlegginga av Volda & Ørsta Sparebank i 1853, og opprettinga av Voldens høiere almenskole i 1856.

Aarflot representerte Romsdals amtStortinga 18541888, der han oftast stemte med Johan Sverdrup. I 1882 gav han ut Odelsbonden om grundloven i dens hovedbestemmelser, der han imøtegjekk den uttalen det juridiske fakultetet hadde gitt om kongens sanksjonsrett i grunnlovssaker.

Han var ein nær ven av Ivar Aasen.

BakgrunnsstoffEndra