Sivert Aarflot, fødd Sjur Knutsson Aarflot, (23. oktober 175914. juli 1817)[1] var ein lærar, gardbrukar, lensmann, boktrykkar og bladutgjevar i VoldaSunnmøre. Aarflot var kjend med opplysingsideane frå ungdomen av. Inspirert av desse sette han i verk fleire tiltak for å fremje folkeopplysinga. Han stifta i 1797 ei folkeboksamling i heimbygda Ørsta. Etter han vart lensmann fekk han frå 1803 i gang skule for framtøk, vaksen ungdom i prestegjeldet. Med løyve frå kongen starta han eige trykkeri i 1809, og gav ut avisa Norsk Landboeblad - den første avisa på landsbygda i Noreg. Både før og etter han dreiv prenteverk utøvde han ein mangesidig forfattarskap, publisert som småskrifter tilgjengeleg for eit større publikum.

Sivert Aarflot

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. oktober 1759
Ørsta kommune
Død

14. juli 1817 (57 år)
Volda kommune

Yrke redaktør, forleggjar, trykker
Sivert Aarflot på Commons

Aarflot gifta seg i 1789 med 33 år gamle Gunnhild Rasmussdotter Eikrem frå Volda. Dei vart i perioden 1792-1800 foreldre til fem born, dei to eldste var Rasmus S. Aarflot og Berte Kanutte Aarflot.

Liv i unge år endre

Sjur Knutsson Aarflot kom til verda på garden Årflot i Ørsta. Garden hadde far hans, Knut Pedersson Årflot f. Fyldal, bygsla i 1756. Mora heitte Brite Akselsdotter f. Barstad. Begge foreldra var ørstingar, og busette seg berre få kilometer frå barndomsheimane. Knut og Brite fekk fem born, men berre Sjur og hans seks år yngre syster Mette voks opp. Faren Knut kjøpte garden, med bruksnamnet Støylen, i 1771. Han gjekk då over frå å vere leiglending til sjølveigande gardbrukar.

Sjur, som seinare skreiv seg for Sivert Knudsen Aarflot eller berre Sivert Aarflot, har i ein kort sjølvbiografi frå 1809 fortalt frå oppveksten sin. «I mit 7de Aar fik jeg først en A.B.C. Bog, en omgaaende Skoleholder i 4 Dage», deretter øvde han seg i lesing under mors påsyn.[2] Gjennom vinteren lærde han seg å lese, og fekk då ein katekisme og dernest tilgang til ei kristendoms-forklaring. I sitt niande år byrja han å lære seg å skrive med anvising frå ein skulehaldar i fire dagar. Med dette enda skulegonga hans, etter til saman 22 skuledagar.

I sitt tiande år bad Sivert foreldra om lov til å kjøpe heim ein bibel frå Bergen. Han fekk lov til å kjøpe bibel, og på same tid måtte han lære seg til å verte «Jorddyrker». Femten år gammal las han til konfirmasjon hos kapellanen Claus Frimann, den seinare, kjende diktarpresten.[3] På denne tida var Hans Strøm sokneprest i Volda og truleg var både Frimann og Strøm viktig inspirasjon for den unge Aarflot.[4]

Skulehaldar og gardbrukar endre

 
Den freda Årflotstova der Sivert Aarflot budde til i 1798. Bautasteinen er reist over han og dottera Berte Kanutte som var bondekone her

Ørsta var på den tid eit annekssokn i Volda prestegjeld. Soknepresten, Hans Strøm, rådde etter konfirmasjonen av Aarflot til at denne måtte tilsetjast i skulehaldarstilling, når høvet baud seg. I 1778 vart Sivert Aarflot skulehaldar i ein av krinsane (Follestaddalen) i Ørsta. Han hadde denne lærarposten i femten år, fram til 1793.

Då han slutta som lærar i 1793 tok Sivert Aarflot over farsgarden på Årflot og dreiv denne i seks år framover. Ved sida av gardsdrifta tok han del i jordskifte- og markegangsforretningar. Han hadde kvalifisert seg til dette arbeidet gjennom studiar av mellom anna Reccards lærebok. Denne læreboka kjøpte han i 1782, og her henta han innsikt i fleire ulike vitskapar. Størst praktisk nytte fekk han av kunnskapane i landmåling.

Lensmann endre

 
Nedre-Ekset i Volda, som Sivert Aarflot kjøpte i 1798. Sivert Aarflot-museet til venstre på biletet

I 1798 vart Aarflot sett til lensmann i Volda skipreide. Stillinga kravde at han måtte busetje seg i Volda, så Aarflot lånte då pengar og kjøpte garden Nedre-Ekset på tvangsauksjon den 7. mai 1798. Ved sidan av lensmannsombodet, dreiv han med åra Ekset-garden fram til eit slags mønsterbruk.

Etter krigsutbrotet i 1801 vart Aarflot beskikka til førar for eit våpenkorps av lokale mannskap. Frå 1805 vart han postopnar for Volda. Begge desse verva skjøtta han utan å motta vederlag.

Lite er kjent om korleis Aarflot skjøtta lensmannsombodet. Men yrket som lensmann og drifta av Ekset-garden må ha gjeve han gode økonomiske midlar. Kjøp av gardsbruk i minst åtte matrikkelgardar viser det.

Folkeopplysaren endre

24. november 1797 forfatta Aarflot ein «Plan til et frit Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn».[5] Planen inneheld 12 paragrafar, og vart to dagar seinare gjort kjend for allmenta i og ved Ørsta kyrkje. Samstundes gav Aarflot 84 bøker til den nystifta boksamlinga, desse vart etterfølgd av ytterlegare 20 boktitlar sommaren etter. Då Aarflot døydde hadde samlinga auka til 550 band.[6]

I 1803 starta Sivert Aarflot opp «Søndagskole» for kvar av dei ulike skulekrinsane i heile Volda prestegjeld. Denne skulen var ein skule for unge vaksne som kunne «være til megen Nytte i enhver folkerig Bygd paa Landet», og skulle haldast dei søndagane det ikkje var gudsteneste ved soknekyrkja. Undervisninga skulle ta føre seg «Retlæsning, Skrivning og de fornødneste Artikler i Regnekonsten, Bibelkundskab», geografi og kartteikning, «Verdens, Kirkens og Fædrelandets Historie», astronomi. Naturfaget delte han inn i dyreriket, vekstriket og mineralriket, kvar av desse oppdelt i mange særemne. I arbeidet med desse emna vart det lagt vekt på næringsnytten som låg i naturkunnskapen. Opplæring i «Konstfliden» høyrde med, før skuledagen enda med «en lærende Handling» af Morallovene.[7]

I 1811 skipa Aarflot «Sogneselskabet for Voldens Vel», og overlet til denne foreininga å drive «søndagsskulane» vidare. Ei oversikt frå 1815 viser at mange av dei fremste menn i Volda- og Ørstabygdene tok seg av undervisninga i dei ulike krinsane.

Ivar Aasen fekk mykje av den første kunnskapen sin frå bokhyllene på Ekset. Åsen-garden ligg berre 3 kilometer frå Ekset så dei var nesten naboar. Aarflot hadde sjølv gjort observasjoner om slektskap mellom sunnmørsdialekten og gamalnorsk, dette kan ha inspirert den unge Aasen.[8]

Aarflot var medlem av Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab.

Samlaren endre

 
Stridshammar teikna av Sivert Aarflot. Han hadde hammaren i samlinga si

Ei side ved folkeopplysinga var å samle inn tradisjonsstoff i lokalmiljøet. Ei anna side var å samle inn bruks- og nyttegjenstandar som hadde gått ut av bruk, det samtida kalla for oldsaker. I dag har ein mindre greie på kva gjenstandar Aarflot samla inn, etter som samlinga strauk med då dei fleste husa i Ekset-tunet brann ned til grunnen i 1844.

Ein kjenner samlararbeidet gjennom skriftleg materiale, både gjennom artiklar i Norsk Landboeblad og gjennom korrespondanse. Han hadde i alle høve tre ulike typar ringstavar (ein slag primstav), og iallfall ein stridshammar. Ringstavane, og brukstradisjonen kring dei, samla han inn i si tid som lærar i Follestaddalen. Så han må teke til med samlararbeidet seinast kring 1790. Stridshammaren som var funnen på garden Roald i Vigra sokn på Sunnmøre i 1734, var eit våpen brukt i kavaleriet på 15-1600-talet. Litteraturforskaren Jostein Fet trur Aarflot var den fyrste av bondestand i Noreg som samla folkeminne.[9]

Forfattaren endre

Alt i barndomen grunna Aarflot på astronomiske spørsmål, spørsmål ingen kunne gje han svar på. Etter møye fekk han tak i bøker som kunne hjelpe han til kunnskap om universet. I januar 1802 hadde han klar til utgjeving eit verk som han hadde laga subskribsjonsplan til. Samlinga Nattens Himmel i klare Aftener skulle innehalde «4 Hæfter, hvert 6 a 8 Ark med Tillæg». For få tingarar melde seg til den populærvitskaplege framstillinga, så ho kom ikkje i prent.[10]

For å fremje jordbruket fekk han i 1805 i København trykt to bøker. Den eine, Norsk Jorddyrkers Almanak, kom elles i to årgangar (den siste i 1806). Boka var ei elementærlære i jordbruk. Medan den andre boka, Hampens Dyrkning og Tilberedning. En kort Anviising for nordenfieldske Landboer, gav meir spesialisert innsikt i emnet sitt.

Aarflot prøvde seg og som diktar. Dikta er haldne i tidas stil, dei er lange (gjerne titals strofar) og meir prosaiske enn poetiske. I sine prosaverk kunne han setje inn ide- og moralfilosofiske dikt. Første diktet han fekk prenta, i Bergen i 1791, var En liden Opmuntring og Formaning i anledning av det lykkelige Torskefiskeri, i særdeleshed nær ved Godøen paa Søndmør, i Aaret 1791, i Værs forfattet af Sivert Aarflot[11]. Andre dikt har ofte konkrete utgangspunkt, eit slags høvesdikting til lokale hendingar og tilhøve. Mellom desse finn ein dikt på dialekt, til dømes Heimattkomstein aat Granderaa. 1811. I tvo Saanga. Dette vart framført då soldatane, grenaderane, kom heim frå krigen (mot Sverige og Storbritannia).

Trykkerieigar og avisutgjevar endre

 
Første framsida av Norsk Landboeblad

Aarflot skreiv 22. desember 1807 ein lengre søknad til kongen i København, og bad løyve til å starte opp med eige trykkeri.[12] I søknaden listar han i 13 punkt opp dei handskrivne verk han har i sitt private bibliotek, og som ønskjer å trykke. Dessutan gjer han det klart at han planlegg å gje ut «Et Ugeblad Kaldet: Landboebladet for Norge». Generalpostamtet rådde i mai 1808 til portofritak for avisa i Noreg og Danmark. 15. juli 1808 fekk Aarflot løyve til å ta til med trykkeridrift. Med hjelp frå ein boktrykkarsvein frå Trondheim, fekk Aarflot prenteverket i gang i 1809. Dette var det første trykkeriet utanom byane (Ålesund var ikkje by på denne tida).

Frå 1810 gav han ut vekeavisa/tidsskriftet Norsk Landboeblad på garden sin, Ekset i Volda. Avisa vart prenta på hans sjøveigde trykkeri. Aarflots prenteverk, som seinare vart namnet på trykkeriverksemda, er eit forretningstiltak som framleis (2009) er i drift (no i Volda-byen).

Det første nummeret er dagsett 2. januar 1810, og den første årgangen kom som planlagt i 52 nummer. Utover i 1811 og endå meir 1812 fekk Aarflot store vanskar med å skaffe papir, dermed vart det 29 nummer i 1811 og tolv nummer i 1812 (månadsnummer). Dei neste årgangane kom i 12 til 16 nummer. I 1816 kom bladet tidtare, nr 19 låg føre i juni månad. Prenteverket mangla då trykkepapir, og utgjevaren var sjuk. Bladet gjekk inn.

 
Eit himmelbrev datert til 1817 prenta i Sivert Aarflot sitt trykkeri på Ekset i Volda. Foto Atle Råsberg

I 1811, 1817, 1821 og 1843 vart det også prenta himmelbrev i Aarflot sitt trykkeri. Brevet frå 1817 er i praksis ein kopi av eit dansk himmelbrev frå 1770. Vi veit ikkje kor store opplag det den gongen var snakk om, men i dag finst det mindre enn fem kjende eksemplar att frå kvart av desse opplaga.[13]

Utmerkingar endre

  • Gullmedalje Den fortjente til ære, frå Det kongelige Danske Landshuusholdningsselskab. 1800
  • Gullmedalje For ædel Daad, frå kong Kristian 7. 1803
  • Dannebrogordenen, frå kong Fredrik 6. 28. januar 1809

Sivert Aarflot-museet endre

 
Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot-museet som er ei avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum har ei fast samling i ein bygning på Sivert Aarflot sin gard på Ekset. Samlinga inneheld mellom anna trykkeriutstyr.

Kjelder endre

  • Maurits Aarflot:Runetrolldom og ringstav. Volda 1949
  • Maurits Aarflot:Sivert Aarflot og hans samtid. Volda 1951
  • Olav Aarflot: Stridshammaren i Sivert Aarflot-museet, i Gavlen nr. 1, 1994
  • Jostein Fet: Eksetiana. Aarflots Prenteverk 1809-1935. Oslo 2006
  • Ivar Myklebust: Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen. Trondheim 1973
  • Olav Riste: Sivert Aarflot. Ein bolk sunnmørsk åndsliv, i Årsskrift for Volda Sogelag 1924-28
  • Jarle Sulebust:Opplysningsmannen Sivert Aarflot, i Gavlen nr. 1, 1999
  • Torbjørn Urke: Sivert Aarflot og astronomien, i Voldaminne. Årsskrift 1989. Volda 1989

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Gravlagde i Volda 1761-1932
  2. Maurits Aarflot:Sivert Aarflot og hans samtid, s. 14f
  3. Sulebust:Opplysningsmannen Sivert Aarflot, Gavlen nr. 1, 1999, s.16
  4. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  5. Maurits Aarflot:Sivert Aarflot og hans samstid, s. 35ff
  6. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  7. Maurits Aarflot:Sivert Aarflot og hans samtid, s.32ff
  8. Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.
  9. Jostein Fet: Eksetiana, s. 54
  10. Maurits Aarflot: Sivert Aarflot og hans samtid, s. 67ff
  11. Ivar Myklebust:Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen, s. 65
  12. Maurits Aarflot: Sivert Aarflot og hans samtid, s. 44ff
  13. Jostein Fet: Eksetiana, Det norske samlaget, 2006.