Raudeberg
Raudeberg er ein tettstaden i Kinn kommune, Vestland. Staden har 664 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved Ulvesundet på austsida av Vågsøy. Staden var administrasjonsstad for gamle Nord-Vågsøy kommune.
Raudeberg | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kinn | ||
Areal | 0,65 km² | ||
Folketal | 664 (2017) | ||
Folketettleik | 1 022 / km² | ||
Postnummer | 6710 RAUDEBERG | ||
![]() Raudeberg |
Næringslivet er dominert av skipsverft (Blaalid, Båtbygg) og fiskeindustri. Skulen heiter Raudeberg skule og det går om lag 125 elevar. Barnehagen heiter Skarevik barnehage, og kyrkja heiter Nord-Vågsøy kyrkje. Her er vassverk og ei småbåthamn som er stor nok til om lag 50 båtar. Næringslivet er knytt til sjøen. I sentrum ligg Skarevik («Vikja»). Namnet Raudeberg kjem i frå den raude steinsorten (olivin, som blir raud når den oksiderer) som fjellet/berget er bygd opp av ovanfor sjølve bygda.
