Ravi
Wikimedia-fleirtydingsside
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå elva Ravi.
Ravi er eit ord som tyder 'sol' på sanskrit og avleidde språk, og er eit anna namn på solguden Surya. Det er òg eit vanleg mannsnamn for hinduar og har fleire avleiingar. Ravi kan òg vera ei kortform av namn som Ravindranath, Ravichandera, Ravinder, Ravindra, Ravikanth, Ravi Kiran og så bortetter.
Kjende namneberarar
endre- Ravi Verma (1848-1906), keralsk kunstmålar
- Rabindranath Tagore (1861-1741), bengalsk forfattar og nobelprisvinnar
- Pandit Ravi Shankar (f. 1920), verdskjend sitarspelar
- Ravi Shankar Sharma (f. 1926) (også kjend som «Ravi» eller «Bombay Ravi»), komponist av indisk filmmusikk
- Sri Sri Ravi Shankar (f. 1956), grunnleggjaren av Art of Living Foundation.
- Ravi Teja (f. 1968), telugufilmskodespelar
- Jayam Ravi (f. 1980), tamilsk filmskodespelar
- Den norske musikaren Ivar Christian Johansen (f. 1976) bruker «Ravi» som kallenamn.