Sosnowiec

Sosnowiec
Sosnowiec
Sosnowiec
Flagget til Sosnowiec Byvåpenet til Sosnowiec
Flagget til Sosnowiec Byvåpenet til Sosnowiec


Plassering
Sosnowiec is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Schlesiske voivodskap
Byrettar 1902
Borgarmeister Arkadiusz Chęciński
Geografi
Flatevidd
 - By

91,06 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

225 202
  2468/km²
Koordinatar 50°18′0″N 19°10′0″EKoordinatar: 50°18′0″N 19°10′0″E
Høgd over havet 250 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 41-200 til 41-225
Telefon-retningsnummer +48 32
Bilnummer SO
Nettstad: www.sosnowiec.pl

Sosnowiec er ein by sør i Polen. Han ligg nær Katowice i Schlesiske voivodskap, og var ein av dei største byane i Øvre Schlesien industriområde. Historiske høyrde derimot Sosnowiec til Zagłębie Dąbrowskie og ikkje Schlesien. I dag har byen om lag 225 000 innbyggjarar.

Namnet på byen vert stundom skrive på mange forskjellige måtar, som Sosnowietz, Sosnowitz, Sosnowjyc (schlesisk), Sosnovits (jiddisk), Sosnovyts, Sosnowyts, Sosnovytz, Sosnowytz, Sosnovets (russisk) og Sosnovetz. Det er fem mindre byar i Polen som òg heiter Sosnowiec. Dei ligg i regionane Bydgoszcz, Kielce, Łódź, Łomża og Opole.

HistorieEndra

Sosnowiec er ein forholdsvis ny by og fekk byrettar først i 1902. Han oppstod då fleire landsbyar og busetnader, som er langt eldre, vart slått saman. Den eldste av desse er Milowice, Sielec og Pogoń, medan Modzejów,Niwka, Środula og Radocha om lag er like gamle. Etter den tredje delinga av Polen vart Sosnowiec gjeven til Kongedømet Preussen og vart så ein del av Hertugdømet Warszawa og Kongress-Polen under Russland.

Rundt byen var det mange gode naturressursar og då jernbanen mellom Warszawa og Wien kom til staden i 1859, voks byen raskt. Då byen fekk byrettar av tsar Nikolaj II hadde han 60 000 innbyggjarar.

Sosonowiec leid under begge verdskrigane. Under den første verdskrigen vart det meste av industrien stengd eller øydelagd, og under den andre verdskrigen vart mange av innbyggjarane i byen terroriserte og mange avretta. I januar 1945 vart byen frigjord og utviklinga kunne starte på nytt att.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sosnowiec