Rayman Legends
Rayman Legends er eit plattformspel som er utvikla av Ubisoft Montpellier og gjeve ut av Ubisoft. Det er det femte spelet i Rayman-serien og ein direkte oppfølgjar til Rayman Origins frå 2011. Det kom ut på Microsoft Windows og spelkonsollane PlayStation 3, Wii U og Xbox 360 den 30. august i Europa og 3. september i Nord-Amerika.[1] Utgåva til PlayStation Vita vart noko forsinka og kom ut 13. september 2013 i Europa.[2] Spelet kom i 2014 ut på PlayStation 4 og Xbox One. Ei utgåve av spelet kjem på Nintendo Switch i 2017.
Rayman Legends | |||
Utviklar(ar) | Ubisoft Montpellier | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Ubisoft | ||
Distributør | Epic Games Store, Steam, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, Ubisoft Store, PlayStation Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Michel Ancel | ||
Design(ar) | Émile Morel | ||
Komponist(ar) | Christophe Heral | ||
Serie | Rayman | ||
Spelmotor | UbiArt Framework | ||
Siste versjon | 1.3.140380 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows Nintendo Switch PlayStation 3 PlayStation 4 PlayStation Vita Wii U Xbox 360 Xbox One, | ||
Utgjeving | EU: 30. august 2013 NA: 3. september 2013 | ||
Sjanger | Plattformspel | ||
Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | http://rayman.ubi.com/legends/en-gb/home/index.aspx | ||
Del av serien Rayman-serien⠀ |
Spelmekanikkar
endreRayman Legends bygger på spelmekanikkane frå Rayman Origins, der opp til fire spelarar kan delta samtidig på fleire ulike banar. Det er også mogleg å kontrollere ein grøn fe på enkelte banar, der han kan manipulere omgjevnadene slik at dei andre figurane lettare kan kome seg fram. På Wii U og PlayStation Vita kan ein kontrollere feen med peikeskjerm, på dei andre utgåvene flytter feen seg automatisk og ein trykkjer på ein knapp på kontrollen for å påverke omgjevnadene.
Spelet har over 120 banar, inkludert 40 oppussa banar frå Rayman Origins, som kan låsast opp gjennom å finne lykkekuppongar i spelet. I tillegg er det ulike nettbaserte konkurransar som varer ein dag eller ei veke, der spelarar kan vinne premiar dersom dei slår rekorden til andre. Eit lokalt fotballspel, Kung Foot, følgjer også med.
Kjelder
endre- ↑ Rayman Legends release date brought forward to August - Eurogamer.net
- ↑ PlayStation Vita version of Rayman Legends delayed two weeks - Eurogamer.net