Opna hovudmenyen

Raymond Robertsen

norsk politikar

Raymond Robertsen (fødd 12. september 1974 i Hammerfest) er ein norsk politikar for Høgre.

Raymond Robertsen
Raymond-robertsen.jpg
Fødd 12. september 1974

Hammerfest

Parti Høgre

Robertsen var innvald på Stortinget frå Finnmark 2001–2005, og sat i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. Han var leiar i Finnmark Unge Høgre 1993–1997, leiar i Hammerfest Høgre 1998–2001 og fylkessekretær i Finnmark Høgre 1999–2001, medlem av Hammerfest formannskap 1995–2001 og medlem av Finnmark fylkesting 1999–2001. Han er medlem av Hammerfest formannskap att frå 2007 og har fungert som setteordfører fleire gonger.

Han har utdanning i offentleg økonomi og administrasjon frå Høgskulen i Finnmark 1996–1998 og i internasjonal markedsføring frå same stad 1998–1999. Han har blant anna jobba som kontorassistent ved Elvetun barnehage 1993–1994, lærer ved Sandøybotn skule 1994–1995, lærer ved Akkarfjord skule 1995–1996 og prosjektleiar i Pro Barents A/S 2006–2007. Robertsen har òg vore tilsett i Hammerfest og omegn næringsutvikling AS (HONU) og dagleg leiar i stiftinga Barentshavkonferansen 2007–2013. I 2013 vart han dagleg leiar i Vest-Finnmark regionråd.

KjelderEndra