Raytheon Company
Raytheon Company var eit stort amerikansk industriføretak i forsvarsbransjen. Hovudområda var utvikling og produksjon av forsvarsmateriell og sivil elektronikk. Fram til 2007 var dei involvert i flyproduksjon. Raytheon var den største produsenten i verda av styrte missil.[1] I april 2020 slo selskapet seg saman med United Technologies Corporation til Raytheon Technologies.[2]
Raytheon Company | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | corporation ![]() |
---|---|
Skipa | 7. juli 1922 |
Dotterselskap | Raytheon Integrated Defense Systems, Raytheon Missiles & Defense, Raytheon (United Kingdom), Raytheon (Germany), Raytheon (Canada), Space and Information Systems Division, Anschütz, Caedmon Audio ![]() |
Eigar | The Vanguard Group, Delaware Management Business Trust ![]() |
Bransje | luft- og romfartsindustri |
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | Waltham ![]() |
Adm. direktør | Thomas Kennedy |
Tilsette | 70 000 ![]() |
Resultat | 3 342 000 000 US-dollar ![]() |
Selskapet vart etablert i 1922 og vart eit aksjeselskap i 1928. Namnet Raytheon Companyvart teke i bruk i 1959. Selskapet hadde rundt 73 000 tilsette rundt i verda og årleg omsetnad på rundt USD 20 milliardar. Meir enn 90 % av omsetnaden kom frå forsvarskontraktar, og i 2007 var dei verdas femte største forsvarsføretak, og er fjerde størst i USA etter omsetnad (etter Lockheed Martin, Boeing og Northrop Grumman).[3]
Hovudkvarteret til føretaket vart flytt frå Lexington i Massachusetts til Waltham i Massachusetts 27. oktober 2003.[4] Det hadde òg hovudkvarteret sitt i Waltham mellom 1941 og 1961, før det flytta til Lexington.
ProduktEndra
MissilEndra
Kjende missil frå selskapet:
- AGM-65 Maverick
- AGM-88 HARM
- AGM-129 ACM (Advanced Cruise Missile)
- AGM-154 Joint Standoff Weapon
- AIM-7 Sparrow
- AIM-9 Sidewinder
- AIM-120 AMRAAM
- BGM-109 Tomahawk
- MIM-23 Hawk
- MIM-104 Patriot
- RIM-7 Sea Sparrow
- RIM-162 ESSM
KjelderEndra
- ↑ Missile maker hopes to diversify, create technology for peacetime, arkivert frå originalen 11. februar 2012, henta 4. november 2017
- ↑ United Technologies and Raytheon Complete Merger of Equals Transaction - PR Newswire
- ↑ «Defense News Top 100». 2007.
- ↑ New Raytheon Headquarters to Open Oct. 27 in Waltham, Mass., arkivert frå originalen 12. oktober 2008, henta 4. november 2017
- Denne artikkelen bygger på «Raytheon» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2017.