Rebetiko
Rebetiko (frå gresk ρεμπέτικο), rebetika eller rembetika,[1] er ein gresk musikksjanger som blei utvikla på fyrste halvdelen av 1900-talet, og som vanlegvis er kjenneteikna av ein viss type songtekstar og bruken av instrumentet bouzouki.
Ordet rebetiko blir i dag nytta for å beskriva opphavleg fråskilde former av gresk «byfolkemusikk» slik han blei spelt blant gresktalande folk både på det greske fastlandet og i andre hamnebyar innanfor Det osmanske riket, og dessutan blant greske innvandrarar i USA, frå minst byrjinga av 1900-talet om ikkje tidlegare, og som kom til å grupperast saman etter at musikken blei gjenoppdaga og vidareutvikla frå og med den andre delen av 1960-talet.
Rytmar i rebetiko
endreRytmar i rebetiko, der dei aller fleste songane byrjar frå danserytmar, byggjer på ein handfull dansar med opphav i Vesle-Asia og dei greske øyane og fastlandet. Den vanlegaste er zeibekiko (gr. ζεϊμπέκικο) i ulike variantar, alle i 9/4 eller 9/8 takt, med undernemningar som aptaliko og kamilieriko, så godt som alltid ein solodans, og hasapikon (gr. χασάπικο), i 2/4 takt, som er forgjengarar til det som seinare blei kalla syrtaki (gr. συρτάκι) og som blei emblematisk for gresk kultur for millionar av ikkje-grekarar gjennom filmen Zorba the Greek. Den raskare 2/4-dansen serviko eller hasaposerviko (gr. σέρβικο, χασαποσέρβικο) finst også, for det meste i instrumentale låtar. Karsilamas (gr. καρσιλαμάς), ein annan 9-taktsrytme til ein pardans, tsifteteli (gr. τσιφτετέλι) og syrtos (gr. συρτός), ein panhellenisk runddans, er ganske vanlege.
Musikkinstrument
endreKjerneinstrumenta i rebetiko har sidan 1930-talet vore bouzouki, baglamas og gitar.
Bouzouki
endreInstrumentet som kom til å kjenneteikna rebetikomusikken frå og med midten av 1930-talet var bouzouki, eit instrument som verker å ha vore temmeleg ukjent for grekarar frå Vesleasia, men som hadde vore kjent i Hellas under dette namnet minst så tidleg som 1835. Den danske artisten Martinus Rörbye var på reise i mellom anna Italia og Hellas då han laga ei teikning av atelieret til den einaste instrumentbyggaren i Aten på den tida, Leonidas Gailas. Rörby kalla han for bouzoukimakar, men med italiensk stavemåte, fabriccatore di bossuchi.[2] Bouzoukien erstatta sakte dei orientalske instrumenta ein hadde brukt i Hellas, men ikkje blant greske innvandrarar i USA.
Andre instrument
endreBouzoukien gjorde ikkje inntoget sitt på innspelingsscena før rebetiko-songar hadde vore på plate i rundt eit tiår. EIn har brukt mange andre instrument i rebetiko til ulike tider i rebetikon, som tzouras, mandolin, mandola, laouto, oud, kanonaki, santouri, tsimbalo eller cimbalom, tamburin, fiolin, cello, trekkspel, piano, kretisk lyre, politiki (Konstantinopel) lyre og zilia, ein slags små fingercymbalar. I nokre eldre opptak kan ein høyra lyden av klirrande glas. Dette kjem av at ein rosenkrans (gresk κομπολόι) blir trekt over eit rifla drikkeglas. Dette, som opphavleg var eit enkelt, spontant og effektivt rytmeinstrument, truleg typisk for teké- og tavernamiljøa, har sidan funne vegen inn i studio.
Historie
endreEin har gått ut frå at rebetiko særleg voks fram i kystbyane i Hellas og Vesle-Asia, hovudsakleg Pireus, Thessaloníki, Ermoúpoli (hovudstad på øya Sýros), Smyrna (gresk Σμύρνη, tyrksik Izmir), og Konstantinopel/Istanbul (gresk Κωνσταντινούπολης). Den eldste forma skal ha oppstått i tavernaene i byane, ouzeri, og dei såkalla tekedes (gr. τεκέ, pl. τεκέδες) der ein røykte hasj i vasspiper og dessutan i fengsla.
Det er veldokumentert kva tyding byen Ermoúpoli hadde på midten av 1800-talet, då han var den viktigaste greske byen, før han etterkvart byrja tapa tyding som hamneby til fordel for Pireus mot slutten av hundreåret. Ermoúpoli blei knutepunkt for musikarar frå mange delar av den greske kultursfæren, inklusive Vesle-Asia. Tyding av dette for minst ein viktig figur i rebetikoutviklinga, Markos Vamvakaris, går tydeleg fram i sjølvbiografien hans.[3]
Det hadde òg budde store greske befolkningar i Smyrna og Konstantinopel i Det osmanske riket i fleire hundreår. Dette gav både felles musikalske erfaringar, særleg innan kunstmusikken,[4] og eigne musikalske repertoar som skilde seg markant ifrå det tyrkisk-osmanske, med markante italienske drag, til dømes med bruk av mandolinar, gitarar og song i tersar og sekstar. Musikarane som seinare kom til fastlandet i samband med dei politiske hendingane som fann stad fram til 1923 var såleis ofte musikalsk tospråklege, med heim både i det orientalisk-osmanske modale språket og i det europeiske tonespråket, men med eit tydeleg gresk preg.
Etter 1922
endreDei to musikalske tradisjonane verka i lag med dei omveltande sosiale og politiske prosessane som følgde med den sakte nedgangen og endeleg fallet til det osmanske riket etter balkankrigane og slutten av den fyrste verdskrigen. Grekarar hadde byrja flykta, eller flytta, til det greske fastlandet i dei fyrste to tiåra av 1900-talet, på grunn av den aukande uroa og faren, men situasjonen kulminerte i 1922. Den greske hæren hadde då prøvd å trenga inn i Vesle-Asia i eit forsøk på å gjenerobra det som mange, blant anna statsministeren Eleftherios Venizelos, rekna som del av Hellas ifølgje «den store ideen». Sjølv om grekarane hadde fått formell støtte av dei sigrande allierte til å innta byen Smyrna, fekk dei ikkje direkte støtte, og blei tilbakevist av den kraftige motstanden frå ung-tyrkarane. Dei flykta til kysten, til Smyrna, som lenge hadde vore ein kosmopolitisk, temmeleg europeisk stad, der tyrkarane var i minoritet blant grekarar, armenarar, jødar og diverse europearar. Byen blei sett i brann, og det følgde ein massiv humanitær katastrofe der tusentals av menneske omkom, medan allierte skip låg utanfor og såg på uten å komma til hjelp.[5] Episoden har gått inn i gresk minne som «katastrofen».
Etter desse hendinga blei Lausannefreden underskriven i januar 1923. Denne inneheldt mellom anna ei semje om tvangsflyttinga av den kristne befolkninga i Tyrkia til Hellas, med visse unntak, og ei tilsvarande tvangsflytting av den muslimske befolkninga i Hellas (cirka 300 000 menneske) til Tyrkia. Med dette fekk Hellas totalt sett cirka 1,5 millionar flyktningar, folk som hadde levd i hundreår i Vesle-Asia og rekna det som heimlandet sitt. Ein stor del av desse menneska var tyrkisktalande, og kunne til og med skriva tyrkiske med det greske alfabetet.[6]
Denne store forflyttingsprosessen ligg til grunn for den historiske utviklinga av rebetiko. Dei enorme flyktningmassane blei dels plassertee i byane, dels i småstader i Nord-Hellas, som ofte var blitt tømt for muslimske innbyggjarar. Blant flyktningane frå Vesleasia som hamna i byar som Pireus, både dei som kom før og dei som kom etter sjølve Smyrnakatastrofen, var det ein god del dyktige musikarar som hadde budd og verka innanfor den osmanske kulturen både som «grekarar» og som «osmanarar», og som bar med seg dei to musikalske kultursfærene. Dei hadde òg med seg instrumenta sine, og i tiåret som følgde møtte dei lokale musikarar, som spelte ein betydeleg mindre sofistikert musikk.[7] Då den greske innspelingsaktiviteten byrja på alvor på midten av 1920-talet, pådriven av dei store plateselskapa i dåtida, var det fyrst den meir reint orientalske stilen som blei spelt inn i nokså store mengder innan det som blir kalla rebetiko i dag.
Musikken som blei spelt i det lågare sjiktet av lokalbefolkninga, sæleg på bouzouki og baglamas av utøvarar som Marko Vamvakaris og Giorgios Batis, blei sett på med avsmak og forakt av etablissementet, og fekk ikkje tilgang til studio før tidlegast i 1931. Men sjølv om at dei musikarane som blei studiosjefar, kapellmeistrar og A&R-menn på 1920- og 1930-talet nesten berre menn med opphav utanfor det dåverande Hellas, blei det etter kvart utvikla eit fruktbar kunstnarisk samarbeid over desse «kulturgrensene», og rebetikomusiken som ein kjenner han i dag byrja å ta form.
Viktige rebetikoutøvarar
endre- Rita Abatzi (Ρίτα Αμπατζή) (1903-1969) songar, førkrigstida
- Marko Melkon Alemsherian (1895-1963) oud, songar, førkrigstida og etterkrigstida (USA)
- Andonis Amiralis 'Papadzis' (Αντώνης Αμιράλης (Παπατζής)) (1896-1959) harmonika, gitar, førkrigstida
- Coula Antonopoulou, aka Kyria Koula (Κούλα Αντωνοπούλου, (Κυρία Κούλα)) (1880-1954) songar, førkrigstida (USA)
- Grigoris Asikis (Γρηγόρης Ασικής) (1890-1967) oud, songar, komponist, førkrigstida
- Yiorgos Batis (Γιώργος Μπάτης) (1890-1967) songar, baglamas, komponist, førkrigstida
- Sotiria Bellou (Σωτηρία Μπέλλου) (1921-1997) songar, gitar, etterkrigstida
- Grigoris Bithikotsis (Γρηγόρης Μπιθικώτσης) (1922-2005), songar, komponist, etterkrigstida
- Kosta Bezos (Κωνσταντίνος 'Κωστας' Μπέζος) (1905-1943) songar, gitar, komponist, førkrigstida
- Andonis Diamantidis (Dalgas) (Αντώνης Διαμαντήδης (Νταλγκάς)) (1892-1945) songar, gitar, komponist, førkrigstida
- Loukas Daralas (Λούκας Νταράλας) (1927-1977) songar, bouzouki, komponist, etterkrigstida
- Anestis Delias (Ανέστης Δελιάς) (1912-1944) songar, bouzouki, komponist, førkrigstida
- Kosta 'Gus' Doussas (Κώστας Δούσας) (?-?) songar, gitar, førkrigstida (USA)
- Gianni Dragatzis (Oghdhondakis) (Γιάννης Δραγάτσης (Ογδοντάκης)) (1886-1958) fiolin, komponist, førkrigstida
- Roza Eskenazi (Ρόζα Εσκενάζυ) (c 1895-1980) songar(før- og etterkrigstida)
- Marika Frantzeskopoulou aka Marika Politissa (Μαρίκα Φραντζεσκοπούλου (Μαρίκα Πολίτισσα)) (1898-?) songar, førkrigstida
- Mikhalis Genitsaris (Μιχάλης Γενίτσαρης) (1917-2005) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Ioanna Georgakopoulou (Ιωάννα Γεωργακοπούλου) (1922-2007) songar, før- og etterkrigstida
- Dimitri Gongos (Bayenderas) (Δημήτρης Γκόγκος - Μπαγιαντέρας) (1903-1985) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Ioannis Halikias aka Jack Gregory (Ιωάννης Χαλικιάς) (1898-1957) bouzouki, førkrigstida (USA)
- Litsa Harma (Λίτσα Χάρμα) (1917-1978) songar, etterkrigstida
- Tolis Harma (Τόλης Χάρμα) (1918-2008) songar, komponist, etterkrigstida
- Stelela Haskil (Στέλλα Χασκήλ) (1918-1954) songar, etterkrigstida
- Apostolos Hatzihristos (Απόστολος Χατζηχρήστος) (1901-1959) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Manolis Hiotis (Μανώλης Χιώτης) (1921-1970) songar, bouzouki, gitar, komponist, før- og etterkrigstida
- Anna Hrysafi (Άννα Χρυσάφη) (19??-?) songar, etterkrigstida
- Stelios Hrysinis (Στέλιος Χρυσίνης) (1916-1970) songar, gitar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Georgios Katsaros (fødd Theologitis) (Γιώργος Κατσαρός (θεολογίτης)) (1888-1997) songar, gitar, før- og etterkrigstida, (USA)
- Apostolos Kaldaras (Απόστολος Καλδάρας) (1922-1990) bouzouki, komponist (etterkrigstida)
- Stelios Keromitis (Στέλιος Κηρομύτης) (1903-1979) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Kosta Karipis (Κώστας Καρίπης) (c 1890-1952) songar, gitar, komponist, før- og etterkrigstida
- Spyros Kalfopoulos (Σπύρος Καλφόπουλος) (1923-2006) songar, bouzouki, komponist, etterkrigstida
- Kosta Kaplanis (Κώστας Καπλάνης) (1920-?) bouzouki, songar, komponist, etterkrigstida
- Stelios Kazantzidis (Στέλιος Καζαντζίδης)(1931–2001) songar, etterkrigstida
- Marika Ninou (Μαρίκα Νίνου) (1918-1957) songar, etterkrigstida
- Lambro Leondaridis (Λάμπρος Λεονταρίδης) (1898-1965) politikí lyra, før- og etterkrigstida
- Thanassis Manetas (Θανάσης Μανέτας) (1870-cirka 1943) bouzouki
- Giorgos Mitsakis (Γιώργος Μητσάκης) (1921-1993) songar, bouzouki, komponist, etterkrigstida
- Odysseas Moschonas (Οδυσσέας Μοσχονάς) (1910-1995) songar, etterkrigstida
- Giorgios Mouflouzelis (Γιώργος Μουφλουζέλης) (1910 or 1912-1991) songar, baglamas, etterkrigstida
- Stratos Pagioumtzis (Στράτος Παγιουμτζής) (1902-1971) songar, før- og etterkrigstida
- Angeliki Papazoglou (Αγγελική Παπάζογλου) (1899-1983) songar, før-war
- Vangelis Papazoglou (Βαγγέλης Παπάζογλου) (1896-1943) songar, komponist, førkrigstida
- Marika Papagika (Μαρίκα Παπαγκίκα) (1890-1943) songarførkrigstida, (USA)
- Ioannis Papaioannou (Γιάννης Παπαϊωάννου) (1914-1972) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Stellakis Perpiniadis (Στελλάκης Περπινιάδης) (1899-1977) songar, før- og etterkrigstida
- Spyros Peristeris (Σπύρος Περιστέρης) (1900-1966) mandolin, mandola, gitar, bouzouki, piano, komponist, før- og etterkrigstida
- Achilleas Poulos (Αχιλλέας Πούλος) (1893-1970) songar, oud, førkrigstida, (USA)
- Yangos Psamathianos, or Psamatyalis ( Γιάκγος Ψαμάθιανος (Ψαμάτιαλης)) (18??-19??) songar, harmonika, førkrigstida
- Kosta Roukounas (Κώστας Ρούκουνας) (1903-1984) songar, gitar, før- og etterkrigstida
- Lambro Savvaïdis (Λάμπρος Σαββαϊδης) (c 1890-c 1965) kanonaki, før- og etterkrigstida
- Dimitri Semsis (Δημήτρης Σέμσης) (c 1883-1950) fiolin, komponist, før- og etterkrigstida
- Kosta Skarvelis (Κώστας Σκαρβέλης) (1880-1942) gitar, komponist, førkrigstida
- Reine Stamou (Ρένα Στάμου) (1933-) songar, etterkrigstida
- Daizy Stavropoulou (Νταίζυ Σταυροπούλου) (1912?-1994) songar, før- og etterkrigstida
- Dimitri 'Baby' Stergiou (Δημήτρης 'Μπέμπης' Στεργίου) (1927-1972) bouzouki, komponist, etterkrigstida
- Gianni Tatasopoulos (Γιάννης Τατασόπουλος) (1928-2001) bouzouki, komponist, etterkrigstida (USA)
- Agapios Tomboulis (Αγάπιος Τομπούλης) (c 1885-c 1965) oud, komponist, før- og etterkrigstida
- Panagiotis Toundas (Παναγιώτης Τούντας) (1886-1942) mandolin, komponist, førkrigstida
- Yovan Tsaous (real name: Gianni Eitziridis) (Γιοβάν Τσαούς (Γιάννης Εϊτζιρίδης ή Ετσειρίδης)) (1893-1942) sazi, baglamas, tambouri, komponist, førkrigstida
- Vassilis Tsitsanis (Βασίλης Τσιτσάνης) (1915-1984) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Iordanis Tsomidis (Ιορδάνης Τσομίδης) (1933-2006) songar, bouzouki, etterkrigstida (Hellas, USA & Holloch)
- Stavrose Tzouanakos (Σταύρος Τζουανάκος) (1925-1974) songar, etterkrigstida (Hellas & USA)
- Marko Vamvakaris (Μάρκος Βαμβακάρης) (1905-1972) songar, bouzouki, komponist, før- og etterkrigstida
- Niko Vrachnas (Νίκος Βράχνας) (c 1941-2004) songar, bouzouki, etterkrigstida
Kjelder
endre- ↑ «rebetiko - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se (på svensk). Henta 30. september 2018.
- ↑ Politis, Nikos, THE BOUZOUKI - An approach to the history of the instrument and its evolution over the centuries opublicerat föredrag om bouzoukins historia, Hydra Rebetiko Conference, oktober 2008.
- ↑ Markos Vamvakaris-Angela Kaïl, Aftoviografia, Athens 1973 (gr. Μάρκος Βαμβακάρης, Αγγέλα Κάιλ, Αυτοβιογραφία
- ↑ Klein, op. cit.
- ↑ Toynbee, A., The Western Question in Greece and Turkey, London 1922
- ↑ Hirschon (Ed), Crossing The Aegean, Berghahn, 2003
- ↑ Pappas, Nicholas G., Concepts of Greekness: The Recorded Music of Anatolian Greeks after 1922, Journal of Modern Greek Studies, Volume 17, Number 2, October 1999, pp. 353-373
- Denne artikkelen bygger på «Rebetiko» frå Wikipedia på svensk, den 21. juni 2023.
Bibliografi
endre- Damianakos, Stathis, Κοινωνιολογία του Ρεμπέτικου andra upplagan, Athens, Plethron, 2001.
- Gauntlett, Stathis, Rebetika, Carmina Graeciae Recentoris, Athens, D. Harvey and Co., 1985.
- Hadjidakis Manos, Ερμηνεία και θέση του ρεμπέτικου τραγουδιού, 1949.
- Hirschon, R., (ed), Crossing The Aegean, Berghahn, 2003.
- Holst-Warhaft, Gail, Road to Rembetika: Music of a Greek sub-culture, songs of love, sorrow and hashish, Athens, Denise Harvey, 1989
- Klein, Tony, Mortika - Rare Vintage Recordings from a Greek Underworld, (bok som medföljer CD, se diskografi nedan) Uppsala, ARKO, 2005.
- Klein, Tony, Greek Rhapsody, Instrumental Music from Greece 1905-1956 (bok som medföljer dubbel-CD, se diskografi nedan) Dust-To-Digital DTD-27, Atlanta GA, 2013.
- Kounadis, Panagiotis, Εις ανάμνησιν στιγμών ελκυστικών, Athens, Katarti, 2000.
- Kourousis, Stavros, From Tambouras To Bouzouki, The History and Evolution of the Bouzouki & its First Recordings (1926-1932), (bok som medföljer CD, se diskografi nedan)Athens, Orpheumphonograph, 2013.
- Maniatis, Dionysis, Η εκ περάτων δισκογραφία γραμμοφώνου (I Ek Peraton Diskografia Grammofonou), Athens, 2006.
- Pennanen, Risto Pekka, The Nationalisation of Ottoman Popular Music in Greece, Ethnomusicology, Vol.48 No. 1 Winter 2004, pp 1–25.
- Pennanen, Risto Pekka, Westernisation and Modernisation in Greek Popular Music, Doctoral thesis, Acta Universitatis Tamperensis 692, 1999.
- Petropoulos, Elias, Rebetika: songs from the Old Greek Underworld translated by John Taylor, illustrated by Alekos Fassianos. London, Alcyon Art Editions, 1992. ISBN 1874455015
- Petropoulos, Elias, Ρεμπέτικα τραγούδια, 2nd ed., Athens, Kedros, 1983.
- Petropoulos, Elias, Songs of the Greek Underworld: The Rebetika Tradition. översatt till engelska med introduction och tilläggstext, av Ed Emery. London, Saqui Books, 2000.
- Schorelis, Tasos, Ρεμπέτικη Ανθολογία (Rebetiki Anthologia), 4 band, Atén 1977-1987.
- Taylor, John, The Rebetic Songs, Maledicta V. 5 Nos. 1-2 (Summer-Winter 1981) pp.25–30.
- Vamvakaris, Markos - Kail, Angela, Αυτοβιογραφία (Aftoviografia), Atén 1973.