Reeves Gabrels
Reeves Gabrels (fødd 4. juni 1956) er ein amerikansk gitarist, soloartist, låtskrivar, og produsent.
Reeves Gabrels | |||
Gabrels i 2008. | |||
Fødd | 4. juni 1956 (68 år) New York i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Staten Island | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Dark, Life on Earth, Rubber Rodeo, The Bentmen, Modern Farmer, David Bowie, Tin Machine | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Han har spelt for mange artistar, men er mest kjend for innsatsen sin i bandet Tin Machine (1988-1992) og for å vere David Bowie sin faste gitarist fram til 1999. Den eksentriske og virtuose spelestilen hans har ført til både begeistring og fortviling hos dei som har høyrt han. Reeves Gabrels har òg jobba saman med The Cure, Ozzy Osbourne, Frank Black og ei rekkje andre artistar.
Gabrels har gjeve ut tre album under eige namn. The Sacred Squall Of Now (1995), Ulysses (2000) og Rockonica (2005). På desse albuma figurerer David Bowie, Charlie Sexton, Frank Black, Dave Grohl, Gary Oldman og Robert Smith. Han gav i 1995 òg ut den eksperimentelle jazzskiva A Night in Amnesia saman med gitaristen David Tronzo. Han spelte òg i band som Modern Farmers og Bentmen som begge gav ut album med Gabrels som gitarist.
Gabrels har òg laga filmmusikk og musikk til spela Omikron: The Nomad Soul og Deus Ex.
Diskografi
endreTin Machine
- Tin Machine (1989)
- Tin Machine II (1991)
- Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992)
David Bowie
- Outside (1995)
- Earthling (1997)
- 'hours...' (1999)
Solo
- The Sacred Squall of Now (1995)
- Ulysses (Della Notte) (2000)
- Rockonica (2005)
- Reeves Gabrels and His Imaginary Friends (2015)
- Imaginary Friends Live (2017)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reeves Gabrels» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- reevesgabrels.net Arkivert 2010-02-01 ved Wayback Machine. - offisiell nettstad
- My Space.
- Reevz.net Arkivert 2011-09-27 ved Wayback Machine. - ei tilhengjarside