Tin Machine Live: Oy Vey, Baby

Tin Machine Live: Oy Vey, Baby
Konsertalbum av Tin Machine
Utgjeve 2. juli 1992
Innspelt 20. november 1991 til 11. november 1992
Sjanger Rock
Lengd 49:17
Selskap London
Produsent Reeves Gabrels, Max Bisgrove, Tom Dubé, Dave Bianco, David Bowie
Tin Machine-kronologi 
Tin Machine II
(1991)
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989
(2019)
David Bowie-kronologi
Tin Machine II
(1991)
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby Black Tie White Noise
(1993)


Tin Machine Live: Oy Vey, Baby er eit konsertalbum og ein konsertvideo av det engelsk-amerikanske rockebandet Tin Machine, opphavleg gjeven ut på London Records i 1992.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Albumet inneheld songar spelte inn mellom 20. november 1991 og 11. februar 1992 frå fem ulike spelestader på den nordamerikanske og asiatiske delen av It's My Life-turneen. Konsertvideoen er ein enkelt konsert hovudsakleg frå The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991.

Albumet fekk stort sett negativ kritikk og vart det første albumet med Bowie sidan debutalbumet frå 1967 som ikkje gjekk inn på albumlista i Storbritannia.

Tin Machine Live: Oy Vey, Baby var det siste albumet til Tin Machine før dei var toppløyste.

Albumtittelen endre

Tittelen vart eit forslag frå Hunt Sales og var eit ordspel på U2-albumet Achtung Baby (1991). Planar om eit andre konsertalbum (Use Your Wallet, eit anna ordspel frå Sales, denne gongen frå Guns N' Roses-albuma Use Your Illusion I og II) vart skrinlagd då Oy Vey, Baby selde dårleg og fekk dårleg kritikk.[2]

Mottaking endre

Bowie-biografen Nicholas Pegg klagde over at albumet hadde eit «stygt, utydeleg omslag», «ein useieleg misforstått tittel», og ei fantasilaus speleliste som inkluderte ein 8-minuttars versjon av den «frykta» «Stateside», som i lag førte til dårlege sal og meldingar. Likevel sa han «det er eigentleg ikkje eit dårleg album».[2] Stephen Erlewine frå Allmusic.com kalla albumet «ikkje nok til å berge mengda av dei underutvikla songane som dannar ryggraden på plata.»[1]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Innspelingsdato og stadLengd
1.«If There Is Something»Bryan Ferry17. februar 1992 i Tokyo3:55
2.«Amazing» 7. desember 1991 i Chicago4:06
3.«I Can't Read» 20. november 1991 i Boston6:25
4.«Stateside»Bowie, Hunt Sales27. eller 29. november 1991 i New York8:11
5.«Under the God»Bowie10. eller 11. februar 1992 i Sapporo4:05
6.«Goodbye, Mr. Ed»Bowie, Hunt Sales, Tony Sales17. februar 1992 i Tokyo3:31
7.«Heaven's in Here»Bowie27. eller 29. november 1991 i New York12:05
8.«You Belong in Rock n' Roll» 7. desember 1991 i Chicago6:59
Total lengd:47:17

Medverkande endre

  • Produsentar:

Video endre

I motsetnad til albumet som bestod av opptak frå ulike stader på turneen, vart konserten på videoen filma på ein enkel konsert på The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991. VIdeoen er 88 minuttar lang og vart distribuert av PolyGram Video Limited i Storbritannia.[3]

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, utanomd er andre er nemnde[2].

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Bus Stop»  
2.«Sacrifice Yourself»Bowie, Hunt Sales, Tony Sales 
3.«Goodbye Mr. Ed"»Bowie, Hunt Sales, Tony Sales 
4.«I Can't Read»  
5.«Baby Universal»  
6.«You Can't Talk»  
7.«Go Now»Larry Banks, Milton Bennett 
8.«Under The God»Bowie 
9.«Betty Wrong»  
10.«Stateside»Bowie, Hunt Sales 
11.«I've Been Waiting For You»Neil Young 
12.«You Belong in Rock n' Roll»  
13.«One Shot»Bowie, Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales 
14.«If There Is Something»Bryan Ferry 
15.«Heaven's In Here»Bowie 
16.«Amlapura»  
17.«Crack City»Bowie, Gabrels, Hunt Sales, Tony Sales 

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Tin Machine Live: Oy Vey, Baby». AllMusic. Henta 12. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books. 
  3. «TIn Machine Live: Oy Vey, Baby». PolyGram Video Limited (Barcode: 0 44008 53203 3). 

Bakgrunnsstoff endre